Hopp til innhold

To hestar påkøyrt

Natt til måndag fekk politiet melding om at to hestar var observert i vegbanen på E16 ved Romslo. Like etter fekk dei melding om at hestane var påkøyrt. Ein hest er død.

To hestar påkøyrt

– Det gjekk to hestar langs vegen, og like etter blei begge påkøyrt, seier Terje Magnussen som operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK rundt klokka 05:00.

Hestane vart påkøyrt ved Romslo like ved Osterøybrua, på E16.

– Eg har akkurat fått melding om at den eine hesten er død. Den andre hesten blir tatt opp til ein stall, og blir behandla av veterinær der, seier Magnussen til NRK klokka 5.00.

Førar er uskadd

Politiet fekk melding klokka 03.50, og det skal ha vore ein person som har stått i kø som melde inn saka.

– Førar av bilen er uskadd. Det er store materielle skader på bilen, så den er taua inn, seier Magnussen.

– Politiet har vore der og undersøkt, og me kan ikkje seie nøyaktig kva som har skjedd, seier han.

Politiet har oppretta sak.

Det skal ikkje vera kø på vegen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold