To dobbeltdrapssikta menn fengsla – éin av dei sikta sett fri onsdag kveld

POLITIHUSET I BERGEN (NRK): Politiet har fått inn 70 tips om dobbeltdrapet i Bergen og utelukkar ikkje at det blir fleire pågripingar i saka. Seint onsdag blei av dei sikta lauslaten.

Krimteknikere bærer ut gjenstander på Lonemarka i Arna

UNDERSØKER: Både trapperommet og svalgangen i andre etasje i bustadkomplekset blei nøye undersøkt av krimteknikarar. Onsdag kveld var politiet framleis på staden og såg ut til å ta beslag i fleire gjenstander.

Foto: Bergen foto og media

Tre menn er sikta for drap eller medverknad til drap etter at ei 29 år gamal kvinne og ein mann i 40-åra måndag blei funne drepne ved Osavatnet i Arna i Bergen måndag.

Politiet har vore svært tilbakehaldne med å gi opplysingar om relasjonane mellom dei involverte. Onsdag stadfesta politiet at alle dei involverte kjenner kvarandre.

– Det er altså ikkje snakk om tilfeldige offer, seier påtaleleiar Inger-Lise Høyland.

Osavatn onsdag
Foto: Åge Algerøy / NRK

To menn fengsla – ein lauslaten

Onsdag blei to av dei sikta, to menn på 36 og 56 år, framstilt for fire vekers varetektsfengsling med full isolasjon. Politiet bad også om lukka dører i Bergen tingrett.

Like før klokka seks opplyser politiet i ei pressemelding at dei fekk medhald i sitt krav om fengsling. Det er dei to første pågripne, ein 36-åring og 56-åring, som no er fengsla i fire veker med full isolasjon og medieforbod i dei første to vekene.

– Det er for å sikra at vitne ikkje får med seg opplysingar og blir påverka av det som kjem fram i media, sa Høyland.

Den tredje drapssikta mannen, som blei pågripen på Lone tysdag, blir framstilt for varetektsfengsling torsdag.

Det same hadde politiet planlagt for mannen som er sikta for å ha øydelagt bevis. Mannen i 30-åra hadde først status som vitne, men fekk etter eit avhøyr hjå politiet status som sikta.

Anette Vangsnes Askevold

FORSVARAR: Advokat Anette Vangsnes Askevold forsvarar mannen i 30-åra som er sikta for å ha øydelagd bevis.

Foto: NRK

Onsdag kveld blei han lauslaten, stadfestar forsvarar Anette Vangsnes Askevold. Då hadde han sete i avhøyr med politiet i fleire timar.

– Han avviser for det første at han har noko med drapssaka å gjera, og stiller seg også uforståande til at han skal ha øydelagt noko bevis i den saka, seier Askevold.

Mannen skal ha vore saman med den tredje drapssikta og ei kvinne, då førstnemnde blei pågripen i ei leilegheit på Lone i Arna tysdag.

Onsdag kveld er det framleis aktivitetet i det kommunale bustadkomplekset. Fleire gjenstandar blei frakta ut, og krimteknikarar gjorde undersøkingar rundt trapperommet og svalgangen i byggets andre etasje.

Ingen av dei sikta bur i huset, får NRK opplyst.

Askevold seier at politiet ikkje har gitt noko konkret grunngjeving for kva det er mannen skal ha gjort.

– Eg har ikkje fått noko nærare grunngjeving frå politiet om vurderinga om å setja han fri, men eg er glad dei har teke til følgje det han har sagt, om at han ikkje har noko med saka å gjera.

SJÅ PRESSEBRIEF: Politiet har varsla ein pressekonferanse onsdag klokka 16.

Takkar for tips

Tidlegare onsdag ville ikkje politiet utelukka at det kan bli snakk om fleire arrestasjonar.

– Dei kriminaltekniske undersøkingane held onsdag fram både i Hardangervegen og i Møllendalsveien, seier politiinspektør Tore Salvesen.

Det er framleis mange ubesvarte spørsmål i saka og heller ikkje i dag vil politiet seie når dei trur drapa har skjedd, når offera vart dumpa ved Osavatn og om det er gjort beslag av drapsvåpen i saka.

Onsdag morgon tok krimteknikarar med seg to bosspann frå hospitset i Møllendalsveien.

– Veit de motivet for drapa?

– Me har ikkje full oversikt over den totale hendingsgangen, svarar Høyland på spørsmål frå NRK.

Politiet seier dei har fått inn over 70 konkrete tips i saka. Dei ber framleis folk som har vore i området i Arna laurdag, søndag og måndag, om å komme med tips.

– Me vil nytta høve til å takka for tipsa som kjem inn, men vil understreka at me framleis er avhengig av tips frå folk som høyrer og les om saka, oppmodar Salvesen.

Krimteknikere på plass igjen i Møllendalsveien

SENTRALT: Politiet var på plass ved denne adressa nær Bergen sentrum allereie måndag føremiddag. Politeit vil ikkje bekrefta at det er snakk om ein åstad, men omtalar Møllendalsveien som sentral for etterforskinga.

Foto: Christian Lura / NRK

Tredje drapssikta i fengslingsmøte torsdag

Onsdag har kriminalteknikarar heldt fram undersøkingane i hospitset i Møllendalsveien. Adressa blir omtala som sentral i politiet si etterforsking.

I tillegg til å ha gjort undersøkingar ved funnstaden ved Osavatnet, har politiet aksjonert mot eit kommunalt bustadkompleks på Lone.

Her blei den tredje drapssikta pågripen tysdag. Han skal framstilliast for fengsling torsdag klokka 12.45

Også den fjerde sikta, som først blei tatt med inn som vitne, blei pågripen på Lone.