Hopp til innhold

Lynet slo ned i huset til Reidar: – Plutseleg kom det eit knallsmell

OS (NRK): Lynnedslag sprengde sikringsskapet og svidde stikkontaktane til Reidar Olsen. Opp mot 200 lynutslag er registrert på Vestlandet i morgontimane.

Lynet slo ned i huset til Reidar Olsen på Os

BRÅKETE MORGON: I Nedre Varåsen på Os slo lynet ned i taket til Reidar Olsen.

Foto: Cato Kristensen / NRK/Os brannvesen

– Eg nærast hoppa i senga. Det var eit knallsmell, fortel Reidar Olsen.

Han møter NRK utanfor huset sitt i Nedre Varåsen på Os i Hordaland. Like før klokka 06.00 i dag tidleg slo plutseleg lynet ned i taket.

– Eg høyrde torevêret, men trudde det gjekk forbi. Plutseleg kom det eit knallsmell. Alt av lys forsvann og det byrja å lukta svidd, fortel Olsen.

Svidde kontaktar

Med andre ord fekk han ein brå start på dagen. Olsen gjekk først til sikringsskapet for å sjekke at alt var som det skulle.

– Jordfeilbrytaren var oppe som normalt, men alle dei andre sikringane var sprengt.

Så ringde mobilen hans. Naboen i andre enden fortel at det kjem røyk frå taket hans. Utanfor kan Reidar Olsen konstatere at lynet har slått ned gjennom taket. Taksteinane ligg strødd på taket.

– Det var mykje røyk og taket er no heilt splitta. Eg må ha snekker for å tette det igjen, før vi får vasskadar.

– Du er overraskande roleg?

– Eg har fått hjelp, så det går greitt, smiler Olsen.

Lynnedslag på Vestlandet fredag 17.august 2018

MANGE LYNUTSLAG: Meteorologane melder om opp mot 200 lynutslag på Vestlandet sør for Stad i morgontimane.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk institutt

Opp mot 200 lynutslag

Også på Berge i Os måtte brannvesenet rykka ut etter melding om røykutvikling og flammar etter lynnedslag i dag tidleg.

Alle personar vart gjort greie for også her. Brannsjef i Os, Stein Gjøsund, fortel om ein hektisk morgon for brannmannskapa.

– På Berge brann det i takkonstruksjonen, så her starta vi sløkking med ein gong. Medan vi heldt på med det, kom meldinga frå Nedre Varåsen. Då omdirigerte vi dei som var på veg.

Meteorologane bekreftar at det har vore ein brå start på dagen for mange. Lynradaren viser mange observasjonar på Vestlandet sør for Stad tidleg fredag morgon.

– Eg også vart vekka av tore i dag. Vi har ikkje eksakte mengd lynutslag, men oversikta mi seier mellom 100 og opp mot 200 lynutslag på land, fortel meteorolog Lars Andreas Selberg til NRK.