Hopp til innhold

To bussjåførar angripne på kort tid: – Enkelte har problem med å gå på jobb

BERGEN (NRK): Tide set inn vakthald, etter at to bussjåførar har vorte angripne på same busstopp i Bergen i løpet av ei veke.

Birkelundstoppen

TO ANGREP: Ved endestoppen på Birkelundstoppen har to bussjåførar vorte angripne den siste veka. Den 64 år gamle mannen som vart angripen på søndag er framleis alvorleg skadd.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Fredag morgon vart nok ein bussjåfør utsett for vald på Birkelundstoppen i Bergen.

– Ein 20 år gamal mann løfta ei knust flaske mot fornærma, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt fredag morgon.

Sjåføren vart ikkje fysisk skadd, men det er berre fem dagar sidan ein annan bussjåfør vart alvorleg skadd etter eit brutalt angrep på same busshaldeplass.

– Når vi kjem i situasjonar der kollegaer blir skadd eller truga, er det forferdeleg trist å stå oppi dette. Sikkerheit er noko vi tek på alvor, seier konsernsjef Roger Harkestad i busselskapet Tide.

Set inn vaktar

Fredag ettermiddag var vektarar på plass på Birkelundstoppen. Ifølge BA skal dei vere der heile driftsdøgeret gjennom helga, frå første buss går om morgonen til siste avgang for kvelden.

– Vår vurdering etter samtalar med politiet er at desse hendingane er uavhengige av kvarandre. Men vi har endra låsen på Birkelundstoppen, slik at det er trygt å sitje i kvilebua utan at nokon kan kome inn. I tillegg har vi bede politiet om å auke patruljeringa i området, seier Harkestad.

Konsernsjefen seier selskapet jobbar aktivt med lære sjåførar å beskytte seg så mykje som mogleg.

– Vi gir sjåførane våre opplæring og etterutdanning. Men desse to konkrete hendingane på Birkelundstoppen var det nok ikkje mogleg å beskytte seg mot. Det er truleg snakk om heilt tilfeldige situasjonar. Vi opplever i utgangspunktet ikkje at vi har ein risikofylt arbeidsplass, seier Harkestad.

Roger Harkestad, administrerende direktør Tide Buss AS

– TRIST: Konsernsjef i Tide, Roger Harkestad, seier dei jobbar mykje med å lære sjåførane i selskapet å beskytte seg. Han synest situasjonen no er trist, men meiner arbeidsplassen i utgangspunktet ikkje er risikofylt.

Foto: Tide

– Engstar seg

Hovudverneombod Arne Rasmussen fortel at sjåførane i Tide er prega av det som har skjedd.

– Dette er hendingar vi truleg ikkje kunne føresett og forhindre. Men det har vore ein stor snakkis blant sjåførane, og dei er flinke til å saman kome seg gjennom denne situasjonen som vi har kjend som ein klump i magen.

– Er det nokon som engstar seg for å gå på jobb etter det som har skjedd?

– Vi er fleire tusen tilsette, og kan nok avspegle alle ytterpunkt: Frå dei som ikkje lar seg påverke til dei som faktisk har problem med å gå på jobb no, seier Rasmussen.

Konsernsjefen fortel at det den siste veka har vore fokus på å informasjon og dialog.

– Vi har hatt allmøte på to bergensavdelingar, og prøvd å prate så mykje som mogleg om det som har skjedd og dei kjenslene dette vekkar, seier Harkestad.

Framleis alvorleg skadd

Den 64 år gamle sjåføren som vart angripen på søndag er framleis alvorleg skadd, opplyser Helse Bergen.

– Det går etter forholda bra med han. Ut ifrå situasjonen er han ved godt mot, fortel Rasmussen.

– Er det blitt meir utrygt å vere bussjåfør?

– Eg føler at eg har ein trygg og god arbeidsplass, men når slike uventa hendingar skjer så er det litt vanskeleg å seie, seier Rasmussen.