Hopp til innhold

Ekspressbussar og vogntog kolliderte på E134

Europavegen ved Røldal var open i berre kort tid før to vogntog, to ekspressbussar og ein bil kolliderte med kvarandre.

Buss kolliderte med vogntog på E134

KAOS: Ingen personar skal ha kome til skade då to ekspressbussar kolliderte med eit vogntog på E134 i ettermiddag.

Foto: Martin Hansen Rokkestad / 03030-tipser

Ifølge politiet har to bussar og to vogntog kollidert på E134 mellom Røldal og Odda. Det er mykje trafikk på staden på grunn av kolonnekøyring over Haukeli og ein lastebilbrann ved Seljestadtunnelen tidlegare i ettermiddag.

Ingen personar kom fysisk til skade i ulukka, får NRK opplyst av politiet.

– I utgangspunktet var det ei dramatisk hending, men det har heldigvis gått bra med alle, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Stengte Haukelifjell

Passasjerane på bussane blir tekne hand om. Nokre har fått tilbod om innkvartering i hytter og leilegheiter ved Røldalsterrassen, medan nokon vel å vera i ekspressbussane.

Klokka 21.40 er det rydda etter trafikkulukka ved Røldal skisenter. Det er fri ferdsel på staden, men køyr forsiktig.

Opprydninga betyr også at E134 over Haukelifjell er opna for kolonne igjen, men her må ein likevel rekna lang ventetid, spesielt frå austsida. Her står fleire hundra bilar i kø for å komme med neste kolonne.

Vogntog og ekspressbuss kolliderte i Røldal

Naudetatane er på staden. Det er kaos og lange køar på E134 i Røldal no.

Foto: Martin Hansen Rokkestad / 03030-tipser

Kaos på E134

Det har vore kaotisk på E134 i heile dag. Mange bilar har stått i kø oppover i Håradalen mot Røldalstunnelen i ettermiddag, etter at vegen vart stengt klokka 15.00 lenger vest ved Seljestadtunnelen på grunn av brann i ein lastebil.

Vegtrafikksentralen og politiet har vore uroa for korleis det ville gå når tunnelane opna igjen, fordi det er vanskeleg køyreforhold i området. Det er meldt om at fleire bilar stod og spant då dei omsider fekk køyra vidare i 18.00-tida søndag kveld.

– Kaotisk

Martin Hansen Rokkestad er på veg austover på E134. Han fortel om ein kaotisk situasjon i Røldal. Rokkestad låg like bak då eit vogntog sklei over i feil køyrebane og trefte bussane.

– Vi køyrde nedover, og då vi måtte stogge for kø, sklei vogntoget som ikkje hadde kjetting inn i bussane. No står vi heilt fast, seier Rokkestad som allereie har stått fleire timar i kø.

Han måtte vente ved Seljestadtunnelen på grunn av lastebilbrannen.

– Det er ganske kaotisk og litt kjedeleg her. No er ambulansepersonell og naudmannskap kome på plass. Det er ganske glatt her og mange som slit med å komme i gang, fortel Rokkestad frå E134.