Hopp til innhold

To gutar lettare skadde etter trafikkulukke ved skule

To skuleelevar blei frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke ved Ådnamarka skule i Arna. Dei to sleppte unna med lettare skadar.

Ulykke Ådnamarka skole

PÅKØYRD: To barn er påkøyrd ved Ådnamarka skule i Arna. Politiet gjer undersøkingar på staden.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Politiet fekk melding om trafikkulukka i Eikhaugen i Arna klokka 14.40.

– To barn blei påkøyrd utanfor Ådnamarka skule, like ved innkøyringa, seier politiets operasjonsleiar Terje Magnussen.

Dei to gutane er sju og åtte år gamle. Bilen som er involvert, skal ha hatt låg fart. Men dei to barna blei begge karakteriserte som kritisk skadde.

– Dei er frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, seier Magnussen.

Klokka 16.45 melder imidlertid Helse Bergen at dei to gutane heldigvis har sleppt unna med lettare skadar.

Begge var medvitne

Barna var medvitne då nødetatane kom til staden, men ein av dei blødde frå hovudet. Ulukkesbilen er ein taxi.

– Den var på veg inn på skuleplassen, opplyser Magnussen.

Politiet er i kontakt med sjåføren på staden.

– Sjåføren blir fulgt opp. Vi skal høyre hans versjon, og ta ein vurdering etterkvart, seier operasjonsleiaren.

Politiet har sperra av området der ulukka skjedde, og gjer undersøkingar på staden. Politiet snakkar også med vitner, og er også i kontakt med leiinga ved skulen.

– Vegvesenet si ulukkesgruppe er varsla, opplyser Magnussen.

Barn påkjørt Ådnamarka skole

PÅKØYRD: To barn er påkøyrd ved Ådnamarka skule i Arna.

Foto: 03030-tipser

Rektor: – Ikkje noko kjekt

Elevar som var til stades på skulen da ulukka skjedde, blei haldt att på skulefritidsordninga medan rektor kontakta foreldra.

– Dette er ikkje noko kjekt. Dette er elevar vi kjenner godt og bryr oss om. Det er klart at dette påverkar oss, men no handlar det om å vareta barn og foreldre, sier rektor Linda Indre-Arne Haukeland ved Ådnamarka skule.

Ho forklarar at dette er ei hending som rystar både foreldre og elevar.

Foreldre har fått all den informasjonen skulen har. Dei oppfordrar foreldrene til å snakke videre med elevane heime.

Les skulens informasjon her.

– Eg såg dei ikkje

Administrerande direktør i Bergen Taxi, Jan Valeur, stadfestar at sjåføren var frå deira selskap.

– Vi blei orientert veldig kort tid etter ulukka skjedde, og frå vår side har vi eit system og apparat for å følgje opp sjåføren som har vore involvert i dette, seier Valeur.

Sjåføren seier til BA at gutane må ha lege på bakken då ulukka skjedde.

– Eg såg dei ikkje, seier han.