Familien på fire var på besøk på garden Skjeldås, som ligg 170 meter over havet ved Sørfjorden i Ullensvang.
Bestefaren blei borte
– Det første raset kom i 17-tida om ettermiddagen 2. juledag. Utpå kvelden kom det endå fleire ras, seier Jane Skjeldås til NRK.
Ho og familien var på besøk hos faren og bestemora hennar som på bur Skjeldås.
Då det første raset gjekk, frykta ho at faren var blitt tatt av raset. Han var gått ut for å reinska opp i bekkar etter det kraftige regnveret.
– Ungane hylte og skreik fordi bestefaren deira var blitt borte. Heldigvis fann vi han igjen ganske raskt, seier ho.
Evakuert med gravemaskin
Først seint på kvelden kom hjelpemannskap til garden. Dei to fastbuande valde å bli verande, medan dei fire besøkjande blei henta ut med gravemaskin.
– Først gjekk vi ned til hovudvegen. Der blei vi kjørt med politibil eit stykke, før vi blei flytta over i grabben på ei gravemaskin, seier Skjeldås.
– Vi er utruleg takknemlege for den hjelpa vi fekk, seier ho.
Bestemor (83) gjekk ned sjølv
Faren og bestemora på 83 år blei verande på garden i dagane etterpå.
– Men i går måtte bestemor til tannlege. Med litt hjelp greidde ho å koma seg til fots ned frå garden på den øydelagte vegen. Men det er litt vanskelegare å koma seg opp igjen, så no bur ho hos oss, seier Jane Skjeldås.
Faren er framleis på garden for å ta seg av dyra.
Opnar vegar i Hardanger
Riksveg 13 ved Skjelvik i Ullensvang er no open for trafikk, etter å ha vore stengd i fleire dagar på grunn av ras og rasfare.
I løpet av ettermiddagen eller kvelden håpar vegvesenet òg å kunna opna fylkesveg 550 ved Fossåna mellom Odda og Utne, som òg har vore stengd på grunn av ras.
Les og: