Hopp til innhold

To av tre yrkesfagelevar utan læreplass: – Tid for å endre opplæringa

BERGEN MARITIME VGS (NRK): Mange yrkesfagelevar gir opp dersom dei ikkje får lærlingplass. No vil skuleforskar revurdere modellen.

Marius Skjeldal ved maskinen

HÅPEFULL: Adrian Ulvatn (t.v.) og Marius Skjeldal (t.h.) er andreklasseelevar ved Bergen maritime vidaregåande skole. Begge kryssar fingrane for at dei har ein læreplass å gå til til hausten.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein må gjere så godt ein kan på alt, halde nede fråvær og merknader. Verkeleg bevise at ein fortener læreplassen, seier Marius Skjeldal.

Andreklasseeleven ved Bergen maritime vidaregåande skole har målet klart, men veit at nålauga om læreplass er trongt.

Av vidaregåandeelevane i Hordaland som gjekk i andreklasse på yrkesfag våren 2016 – var det berre 34 prosent som hadde læreplass hausten etter.

– Eg trur kanskje eg kan få plass etter sommaren hjå ei bedrift eg er litt i kontakt med, seier Skjeldal håpefullt.

– Læreplass eller ikkje er heilt avgjerande

Opplæringsdirektør i Hordaland, Svein Heggheim, kallar overgangen mellom andreklasse og læreplass eit høgrisikoområde for fråfall i vidaregåande skule.

– Det er dramatisk. Jo nærare du kjem læreplassen, jo meir dramatisk blir utslaget. Læreplass eller ikkje, er eit svært kritisk kriterium, seier Heggheim.

Svein Heggheim

UROA: Opplæringsdirektør Svein Heggheim i Hordaland meiner det er dramatisk at mange gir opp dersom dei ikkje får læreplass.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Medan berre vel halvparten av alle yrkesfagelevane har fullført etter fem år – er situasjonen ein heilt annan for dei som har fått læreplass.

Åtte av ti lærlingar står med fagbrevet i handa etter fem år. Forskinga viser òg at dei har uvanleg gode utsikter i arbeidslivet.

– Når du har lyst å drive med landbruksmaskiner, og får Shakespeare i staden, treng ein eigentleg ikkje forske for å finne ut at det er lite motiverande for yrkesfageleven, seier Jan Merok Paulsen, førsteamanuensis ved høgskulen i Oslo og Akershus.

Vil endre opplæringa

Paulsen meiner det er på tide å revurdera måten ein gjennomfører yrkesopplæringa på – med to år i skule – og to år i lære – for dei som då får læreplass.

– To pluss to-modellen er utfordrande. Nabolanda våre har ikkje den modellen, og ein har meir program inne på skulen. Men det krev meir investeringar.

Jan Merok Paulsen

VIL HA NY MODELL: Førsteamanuensis Jan Merok Paulsen ved høgskulen i Oslo og Akershus meiner ein bør revurdera måten ein gjennomfører yrkesopplæringa på.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Marius Skjeldal og Adrian Ulvatn på Bergen maritime forstår godt at mange får problem med å fullføra vidaregåande dersom ein må halda fram på skulen i staden for å gå ut i lære i bedrift.

– Dei fleste er ganske skulelei etter sju år med grunnskule, tre år med ungdomsskule og ytterlegare tre år med vidaregåande. Eg kan sjå for meg at folk ikkje har lyst å gå meir på skule, men det er dessverre slik det fungerer. Ein må berre bite i det sure eplet og komme seg gjennom det, seier Skjeldal.