Ungdomen èt sunnare enn nokon gong. Likevel slankar 39 prosent av jentene på første trinn i den vidaregåande skulen seg. Dei fleste av desse er normalvektige.
Det viser ferske resultat frå den landsomfattande spørjeundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar», gjennomført ved Universitetet i Bergen.
Undersøkinga er gjort blant born og unge på 11, 13, 15 og 16 år.
– Eg har vener som eg synest er heilt normale og fine som dei er, men som heile tida seier at dei må ete sunnare og mindre, seier Nora Savland, som går siste året ved Fjell ungdomsskole på Sotra.
Slankepress på seg sjølv og andre
Slankepresset kan ifølgje forskarane sjåast i samanheng med mykje fokus på kroppsbilete og perfeksjonisme, samt aukande merksemd knyta til diettar som lover å gjere ein både slank og vellukka.
- Les også:
Jentene ved Fjell ungdomsskole seier at mykje av slankepresset kjem frå sosiale medium, spesielt Instagram.
– Ein skal vere godt trent, flink på mykje, og vise andre at ein er sunn, seier dei.
Dei meiner ungdomen skapar mykje av slankepresset sjølv.
Rapporten viser at ungdom har sunne etevanar i form av regelmessig inntak av frukt og grønt, lite snop og brus i kvardagsdietten. Likevel viser resultata at svært mange ikkje fylgjer nasjonale råd for spisevanar.
Ungdomane blei intervjua i 2014. Når ein samanliknar matinntaket med inntaket i 2010, har det vore ein svak nedgang i fruktinntak hjå jenter i born- og ungdomsskulealder, og for gutar på 8. årstrinn. Ifølgje undersøkinga kan lågkarbotrenden vere ein grunn til dette.
Unødvendig slanking
– Nesten halvparten av 16-åringane slankar seg. Det er mange, fastslår Oddrun Samdal, professor i helsepsykologi ved Universitetet i Bergen.
Frå eit helseperspektiv har dei ikkje grunn til å slanke seg.
– Viss vi ser på høgde og vekt, som dei òg har rapportert, så er det berre ein liten del som er overvektige. Fleirtalet av jentene driv med unødvendig slanking, fastslår ho.
Tenåringsjentene som har rapportert at dei slankar seg, hoppar over måltid i kvardagsdietten.
– Mange av desse et ikkje frukost, og et ikkje regelmessig lunsj. Det er høgt inntak av grønsaker, og det er større bevisstheit rundt kva maten inneheld ernæringsmessig, seier Samdal.
Samla viste resultata frå undersøkinga at ungdom er sunnare i form av rapporterte matvanar og rusmiddelbruk, medan dei samtidig opplevde store belastningar i form av helseplager og skulestress.
Jentene ved Fjell ungdomsskole trur det er viktig støtte kvarandre, og ikkje alltid vise perfeksjonisme.
– Folk må innsjå at det dei gjer mot seg sjølv ikkje er bra, seier Hedda Teige.
- Les også: