NRK Meny
Normal

Tivoli blei årets russebusskonsept

19 russejenter fekk i helga ein gjev pris. Bussen deira «Movement» blei kåra til årets konsept.

Russebussen "Movement"
Foto: Privat

Radiobilseter, popcorn-bar, morosame tivolispeglar og ein stor ”kopp” som fungerer som lounge er noko av det som skaper tivolistemning i russebussen «Movement».

– Me er veldig fornøgde med bussen vår, og det er gøy å sjå at andre også er fornøgde. Det var utruleg mange fine bussar i Kongeparken, og me blei overraska då me vann, seier Rosalind Kjempenes og Anna Moe.

– Gøy tema

Russebussen "Movement"

Inne i tivoli-bussen 'Movement' er det blant anna popcornmaskin.

Foto: Privat

Saman med 17 andre jenter er Kjempenes og Moe eigarar av «Movement». Denne bussen blei under russetreffet i Kongeparken kåra til årets beste konsept. Det betyr at jentene er eigar av det som kanskje er landets mest gjennomførte russebuss.

Dei 19 jentene som eig bussen kjem frå ulike skular i Bergen. Dei brukte ei stund på å finna ut kva tema dei ville ha på bussen sin, men er no strålande nøgde med valet.

– Tivoli er eit livleg og gøy tema. Me har veldig mange fargar på bussen vår, seier jentene.

Har kosta ein halv million kroner

Russebussen "Movement"

Radiobilsetene i russebussen er med på å skapa tivolistemning.

Foto: Privat

Men å få bussen slik dei ønska har kosta både i kroner og arbeidstimar. Både dugnad, reklame og lommepengar har vore med på å finansiera bussen.

– Veldig mykje lommepengar, innrømmer jentene.

– Me har brukt ein halv million kroner, seier Kjempenes og Moe.

– Men det er verdt det. Spesielt når me vann den prisen, då blei det veldig verdt det. Ein er russ berre ein gong, legg jentene til.

Premien for årets konsept var ein pokal og klede.

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.
Nyheter og reportasjer fra Hordaland og Sogn og Fjordane