Hopp til innhold

– Det er ikkje alle som har nokon å gjera ting saman med

Sommaren er ei ekstra tung tid for mange einsame. I fylgje Røde Kors er det rundt 70 000 sosialt isolerte personar i Noreg i dag.

Eldre kvinne går tur alene.

EINSEMD: Det fins titusenvis av einsame menneske i landet vårt, og sommaren er ei ekstra belastande tid for dei som kjenner seg aleine.

Foto: Scanpix

– Einsemd er eit stort problem. Dei treff verken familie eller gode vener så ofte som ei gong i veka, seier Rita Hjellestad når ho forklarer korleis det er å vera einsam.

Ho organiserer frivillig arbeid i Røde Kors og tilrettelegg for besøkstenesta i Bergen.

Og sjølv om to hundre frivillige vitjar eldre, sjuke og andre einsame i kommunen ei gong i veka, klarer dei ikkje å nå alle og behovet for samkvem er stort.

– Sommaren er lang. Og mange tenkjer at lyset og varmen skal gjera tilveret enklare. Men det er ikkje alle som har nokon å gjera ting saman med, seier Hjellestad.

Rita Hjellestad

FELLESSKAPSKJENSLE: – Me er i ein spesiell periode. Etter det som hendte i Oslo og på Utøya har fellesskapskjensla vorte styrka, seier Hjellestad. Dei som jobbar i frivillige organisasjonar vonar at dette styrka fellesskapet også skal omfatta dei einsame.

Foto: Elin Madsen / NRK

– Sommaren er ei tung tid

Organisasjonen Mental Helse sin døgnopne hjelpetelefon registrerer same problemet.

Kvart år får dei om lag 60 000 telefonar, og einsemd er eit gjennomgangstema.

– Sommaren er ei tung tid for mange. seier generalsekretær i Mental Helse, Bjørn Lydersen.

Bjørn Lydersen

Generalsekretær i Mental Helse, Bjørn Lydersen, oppfordrar alle til å oppretta kontakt med dei som treng det.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Då er alt stengt og folk er på ferie. Sommaren er den store forventninga om at alle skal vera glade og vellukka. Det vert ekstra påtrengjande om ein er aleine og kjenner seg einsam, seier han.

Kontakt dei einsame

Generalsekretæren understreker at det ikkje treng å vera vanskeleg å hjelpa dei einsame, anten ein nabo eller ein fjern slektning som ein veit er aleine.

Les også: Flere ensomme etter jul

Han oppfordrer alle til å lyfta opp røyret og ta kontakt med dei som treng det mest.

– Ta no den telefonen, då! Det er så lite som skal til og det kan gjera so utruleg mykje, seier Lydersen.