Kafeeigarane har sett seg leie på at folk brukar skogen som do.
Løysinga er å ta bilete av dei for å hindre det.
- Humor
- Det er eit stort problem. Det er område i skogen det ikkje veks noko fordi så mange har gått på do der. Skal vi jage dei eller skal vi setje opp skilt? Vi har vald å bruke humor og «please do not use the forest as a loo» og «bilete vert tatt og lagt ut på nettet», fortel Lise Nilsen som har teke bileta og er ansvarleg for nettsidene.
Gammal do
- Vi vil at folk skal slutte å tisse i skogen. Dei må forstå at det er mange som går tur der. Vi som jobbar her går ikkje inn i skogen på dei stadene vi veit at turistar går på do, seier Nilsen.
Dei har berre eit toalett på Vøringsfossen. Og nettopp det er stridens kjerne.
- Det har stått åtte bussar her på ein gong i tillegg til alle bilane. Toalettet som er frå 1956. Det er ikkje laga for å ta i mot sånne mengder menneske, seier Nilsen.
- Eidfjord kommune har satt fossen på siste plass når det gjeld å oppgradere sanitærforholda i Sysendalen. Denne saka har pågått i 18 år, fortel ho.
- Finn ei anna løysing
Innovasjon Norge reagerer kraftig på den valde løysinga, og meiner det øydelegg for reiselivet i Eidfjord.
- Det vert jobba positivt med reiseliv og eg tykkjer Vøringsfossen må løyse dette på ei anna måte. Fotografen seier ho brukar humor, men eg visste ikkje om eg skulle le eller grine då eg såg bileta, seier direktør Nina Broch Mathisen, i Innovasjon Norge i Hordaland.
Ho tykkjer ikkje det er greit å bruke bileta som eit pressmiddel for å få betre sanitærforhold.