Hopp til innhold

Politiet: – Ikkje akkurat standardutstyr

Tre lyskuplar til 300.000 kroner har forsvunne frå Nygårdsparken i Bergen. Etter tips frå publikum kan politiet vera eitt steg nærare ei løysing på mysteriet.

Båt sladda med lyskuppel

TIPSA OM BÅT: Tipsaren melde frå til NRK og politiet då ein båt med ein mistenkeleg lyskuppel låg til kai i bergensområdet. Om det er ein av dei sakna frå Nygårdsparken står att å sjå.

Foto: NRK

Lyskuppel i Nygårdsparken

DEN SAME?: Dei forsvunne lyskuplane frå Nygårdsparken har eit historisk preg, og er dyre å erstatte.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Sjå der ja! Det må jo vera lov å seie at det liknar frykteleg på den kuppeltypen som me har i Nygårdsparken, seier seksjonssjef Trond Stigen i Bergen kommune.

Han kikkar på eit tipsbilete av ein båt som ligg til kai i bergensområdet. Den har ei lykt montert på toppen. Lyskuppelen kan vere ein av dei tre som på mystisk vis har forsvunne frå Nygårdsparken.

– Viss dette er vår kuppel, så vil me veldig gjerne ha den attende. Eg kan ikkje vere heilt sikker på om det er vår kuppel ut frå bilete, men kuppelen og utforminga er identisk med dei som står i parken, seier Stigen.

Tok med seg kuppelen

Det var ein observant tipsar som oppdaga kuppelen, og som sende bilete til NRK. Då NRK tok kontakt med politiet var den observerte kuppelen ukjent for dei.

– Men vi sende ein patrulje til staden. Kuppelen var på båten så no har vi tatt den med oss. Men om dette er ein av dei som er forsvunne frå Nygårdsparken er vanskeleg å seia, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Dei tok kontakt med Trond Stigen i kommunen, som ikkje hadde høve til å ta ein nærare kikk på kuppelen i kveld.

– Saka blir følgt opp og etterforskinga held fram i morgon, seier Kolltveit.

– Ikkje akkurat standardutstyr

Det har ikkje lukkast politiet å få tak i eigaren av båten for å få ei forklaring.

– Det er som sagt vanskeleg for oss å seie om dette er ein av dei som er forsvunne frå Nygårdsparken, men det liknar jo. Eg trur ikkje noko slikt er standardutstyr på ein slik båt, avsluttar Kolltveit.

Dyre og historiske lyskuplar har forsvunne frå Nygårdsparken i Bergen. Kommunen trur kuplane er stolne, og no ber dei ber tjuvane levere dei tilbake.

Sjå tv-saka om mysteriet.