NRK Meny
Normal

Tiltalte vedgår: – Eg planla drapet

Den brasilianske kokken seier angrepet på hotelldirektøren handla om ære. Men i siste augneblink klarte han ikkje å gjennomføre.

Tiltalt i Fleischer-saken

ANGREP SJEFEN: Den tiltalte 51-åringen fekk avslag på opphaldsløyvet sitt i august. I september gjekk han til angrep på sjefen.

Foto: Ingvild Nave / NRK

I ettermiddag sette den tiltalte kokken seg i vitneboksen. Han står tiltalt for å forsøkt å drepe sjefen sin, direktør Erik Fleischer Tønjum på Fleischer Hotell.

Sidan brasilianaren fekk avslaget frå UDI om opphald i sommar, hadde han bedt Tønjum om at han måtte rekne ut løna hotellet skulda han.

– Då av var det ikkje eit spørsmål om pengar, men om ære og vere stolt av yrket.

Difor kontakta han ein advokat i Oslo, og sende ein e-post til ein journalist i Bergen.

– Ville drepe han i offentlegheit

Då rettssaka etter angrepet i haust starta, erklærte den tiltalte seg skuldig i overlagt drap.

– Eg forsøkte å finne ei sivilisert løysing. Advokaten i Oslo ville ha tusen kroner timen, og politiet på Voss ville heller ikkje hjelpe meg. Difor tok eg avgjerda om å drepe han, fortel brasilianaren.

51-åringen og Tønjum var naboar, likevel valde brasilianaren ikkje å gå heim til han å drepe han.

– Eg ville det skulle skje offentleg. Eg tilstår at eg planla det heile. Eg gjekk på kontoret han med øksa og ønska å gjere det på ein måte slik at han følte minst mogeleg smerte, seier han.

Fleischer Tønjum i retten

MANGE DETALJAR: Erik Fleischer Tønjum er tydeleg oppskaka over det tiltalte forklarar. Aktor Jan-Inge Raanes til høgre, bistandsadvokat Line Hvidsten Ingebrigtsen i midten.

Foto: Ingvild Nave / NRK

I retten fortel den tiltalte i detalj om korleis han planla angrepet og kva som hendte på kontoret til hotelldirektøren.

Tønjum er tydeleg prega under vitneforklaringa til 51-åringen. Det er svært nærgåande detaljar som blir tatt opp.

Klarte ikkje gjennomføre

I det 51-åringen skulle til å gjennomføre slaget med kjøtøksa mot Tønjum, var det noko som gjorde at han ikkje gjennomførte eit dødeleg slag.

– Om du ikkje er ein mordar veit du at du er i ferd med å gjennomføre ei kriminell handling. Det var ikkje slik at eg vakna glad og tenkte at eg skulle drepe nokon i dag, men eg følte eg måtte for å forsvare mi ære. Noko i meg sa eg ikkje trengde å drepe han, fortel tiltalte.

Tiltalte seier at dette er ei avslutta sak for han, og at han ikkje bere nag til Tønjum lenger.

Krev erstatning

Aktor krev ei erstatning frå tiltalte på 350.000 kroner. Denne summen gjer tiltalte tydeleg uttrykk for at han ikkje ønskjer å betale.

På spørsmålet om han angrar på noko av det har gjort seier tiltalte at han angrar med tanke på familien sin, og at han har representert landet sitt på ein dårleg måte.

Ein kollega som såg delar av hendinga skal også vitne mot slutten av første rettsdag.

– Då eg var på veg inn på kontoret hans høyrde eg at han rope desperat etter hjelp. Eg kunne verkeleg høyre at han trengde hjelp, seier kollegaen.

Sambuaren kom til

Ein annan som kom til, var sambuaren til Tønjum. Morgonen den 20. september, då angrepet skjedde, var ho tidleg på jobb og skulle ha eit møte halv ni. Medan ho sit i møtet i matsalen på Fleischer hotell, kjem kollegaen som tidlegare vitna springande og stiller seg i døropninga.

– Eg såg ho var oppskaka. Ho sa at han drep han, eller noko slikt. Eg klarte ikkje heilt å få tak på det, fortel ho.

Ho spring mot kontoret til Tønjum. Døra var på gløtt og ho går inn. Der står dei opp mot veggen i eit basketak.

– Eg tenkte at ein av dei må gå ut. Eg turte ikkje å sende tiltalte ut, sidan eg ikkje visste kva han var i stand til, så eg bad Erik komme seg ut og ta med øksa. Eg var svært redd for kva som kunne skje med han, fortel sambuaren.

Vidare ønskte ho å hindre at tiltalte gjekk ut. Ho gjekk bort til 51-åringen og haldt rundt han.

– Medan eg held han ber eg han om å roe seg ned. Eg kunne kjenne pulsen hans, og at han var oppskaka. Han roa seg ned, fortel sambuaren

Det er sett av tre dagar til rettssaka mot kokken frå Brasil.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017