NRK Meny
Normal

Kokken vedgår at han ville drepe Tønjum

Hotellkokk vedgår at han ville drepe direktøren på Fleischer's Hotell. – At eg overlevde var berre lotto, seier hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum.

Fleischer Tønjum i retten

ØKSEANGREP: Det var i september i fjor at hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum (t.v.) vart utsett for eit økseangrep.

Foto: Ingvild Nave / NRK

I dag starta rettssaka mot 51-åringen som er tiltalt for forsøk på overlagt drap mot hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum. Den brasilianske kokken sa seg i dag skuldig i drapsforsøk.

Det var 20. september at den 51 år gamle kokken troppa opp på kontoret til Tønjum med ei 35 centimeter lang kjøttøks, med ei 22 centimeter langt blad. Kokken går til angrep på Tønjum som får eit 12 centimeter langt, og fire centimeter djupt kutt i nakken.

Fekk beskjed om å reise ut av landet

Tiltalt i Fleischer-saken

SA SEG SKULDIG: Den 51 år gamle brasilianske kokken vedgår at han ville drepe direktøren på Fleischer`s Hotell. Her saman med bistandsadvokat Miriam Grimstad.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Kokken kom til Voss 3. januar 2013 og starta å arbeide på Fleischer hotell nokre dagar etter dette. Han var i arbeid på hotellet i åtte månader.

Brasilianaren hadde ikkje arbeids- og opphaldsløyve i orden. Tiltalte hadde fått beskjed om at han måtte reise ut av landet før økseangrepet fann stad, forklarar Aktor, Jan-Inge Raanes.

Han hadde ikkje fått utbetalt lønn i dei månadene. Advokaten til Fleischer seier at mangel på korrekte papir gjorde utbetaling av løn vanskeleg.

Kokken skal ha gitt uttrykk for at han skulle ordne opp i dei manglande papira, men ifølgje Tønjum har dette ikkje skjedd.

Etter kvart treng kokken pengar, og dagen før Tønjum reiser på ferie lånar Tønjum brasilianaren 10.000 kroner privat.

Den 28. august får kokken avslag på opphaldstillatelsen sin.

Øks i Fleischer-angrepet

VÅPENET: Dette er øksa som Tønjum vart angripen med.

Foto: Politiet

Troppa opp på kontoret med ei kjøttøks

Den 19. september hadde hotelldirektøren og kokken eit møte der dei blei einige om at brasilianaren skulle ta imot 55.000 kroner dagen etter.

Dagen etter sit kokken sit utanfor kontoret og ventar på å snakke med Tønjum. Hotelldirektøren hentar han og tar han med inn på kontoret sitt.

Plutseleg ser hotelldirektøren noko som beveger på seg i sidesynet, og han dukkar ned. Han trudde brasilianaren slo han, men då han røyser seg opp ser han at kokken står med ei kjøtøks i hand. Tønjum tar seg til nakken, og kjenner han blør.

Øksa er 35 centimeter lang og har eit 22 centimeter langt blad som på det tjukkaste er 11,5 centimeter.

Tønjum får eit 12 centimeter langt og 4 centimeter djupt kutt i nakken.

– Prøvde å hogge meg fleire gonger

Tønjum fortel i vitneboksen at han ikkje følte særleg smerte i såret i nakken, men at han tenkte at han måtte få kontroll over armen som held øksa. Brasilianaren kjem i mot Tønjum for å hogge til han igjen. Det endar i eit basketak.

Til slutt får Tønjum tak i armen med øksa i. Tønjum pressar kokken opp mot veggen, og der blir dei ståande.

– Då eg tok handa opp og kjente på såret i nakken var heile handa heilt raud. Slaget på dressjakka mi var godt dynka i blod, fortel hotelldirektøren.

– Då tenkte eg: Kva gjer eg no? Eg skreik hjelp alt det eg kunne. Det tok mellom ti og femten sekund før ein kollega stakk hovudet inn døra. Eg bad ho ringe til politiet med ein gong, fortel Tønjum.

– Det var spruteblod på veggane

Sambuaren til Tønjum sit i eit møte i matsalen og kjem springande inn på kontoret. Når ho kjem inn ligg øksa på skrivebordet til Tønjum.

– Eg er svært blodig då ho kjem inn på kontoret. Ho seier eg må ha med meg øksa og komme meg ut av kontoret, fortel Tønjum.

Sambuaren og ein kollega køyrer Tønjum til sjukehus.

I trappa på veg ned frå kontoret har ein funne spruteblod på veggane, fortel aktor. Det er også funne blod på gardiner og gulv på kontoret til Tønjum.

– Det er berre lotto at eg overlevde dette, seier Tønjum.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.