Hopp til innhold

Tiltalt for drapet på Yewhalaseth: – Det eg har gjort er utilgiveleg

BERGEN TINGRETT (NRK): Mannen som er tiltalt for drapet på Yewhalashet Demeke Ameha (35), starta rettssaka med å beklage til dei pårørande.

Yewhalashet Demeke Ameha

KNIVDREPEN:: Yewhalashet Demeke Ameha (35) blei brutalt drepen av mannen ho budde i kollektiv med. NRK bruker biletet med godkjenning frå familien.

Foto: Privat

– Eg erkjenner straffskuld etter tiltalen, svara den 51 år gamle mannen då rettssaka mot han starta i Bergen tingrett i dag.

Den danske statsborgaren, opphavleg frå Sri Lanka, er tiltalt for forsettleg drap under særskild skjerpande omstende.

I desember 2014 knivstakk han ei etiopisk kvinne 17 gonger på kjøkkenet i bufellesskapet deira i Fyllingsdalen. Yewhalashet Demeke Ameha (35) døydde av skadane.

– Eg veit at det eg har gjort er utilgiveleg. Eg ventar ikkje at familien hennar vil tilgi meg, og eg ønskjer å sei unnskyld til dei, til kjærasten hennar og naboane i Fyllingsdalen for det forferdelege eg har gjort, sa 51-åringen då han starta forklaringa måndag.

BAKGRUNN: Drapstiltalt rømde frå dom i Danmark

Rettssak etter drap i Fyllingsdalen

STARTA I DAG: RETTSSAK: Bistandsadvokat Per-Erik Gåskjenn og aktor Trond Høvik før rettssaka etter knivdrapet i Fyllingsdalen byrja.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Brast ut i gråt

Han brast deretter ut i gråt, og hadde i starten av forklaringa vanskar med å gjera seg skikkeleg forstått.

51-åringen forklarar at det hadde bygd seg opp ei konflikt over lenger tid mellom han sjølv og den avdøde kvinna, og at han i lang tid prøvde å unngå at dei møtte kvarandre i kollektivet.

– Eg gjekk å laga mat midt på natta for å unngå dei andre. Eg likar ikkje konfliktar. Då blir eg redd og trekk meg unna, fordi eg kan eksplodere av sinne, fortalde den tiltalte, tydeleg prega.

Den tiltalte fortel også at han var svært deprimert og stressa. På jobben ved Betanien hadde det spreidd seg rykte om kva han hadde blitt dømd for i Danmark, og han sa derfor opp fordi det var ubehageleg å gå på jobb.

Vakna av skrik

Den desemberkvelden i 2014 går 51-åringen ut på kjøkkenet for lage seg mat. Der er også den avdøde før ho går ut på rommet sitt igjen.

Han legg fram kniv og skjerefjøl for å kutte grønsaker, då den 35 år gamle kvinna kom ut på kjøkkenet. Då oppstår det ifølge den tiltale ein oppheta krangel mellom dei to.

– Eg blir ikkje irritert, men fylt av angst. Så blir eg plutseleg slått i ansiktet med ei hand eller ein tallerken. Etter det hugsar eg ikkje noko, før eg vaknar av eit skrik. Då står eg med kniven i handa, og ser ho ligge i ein blodpøl på golvet, forklarar 51-åringen.

– Eg tenkte berre at ho var i livsfare. Så tenkte eg må stå til ansvar for dette, så eg venta til politiet kom.

På veg tilbake til rommet sitt etter knivstikkinga, skal den tiltalte ha fortalt ein hybelnabo om kva som hadde skjedd, og bad vedkommande tilkalla ambulanse.

Det er sett av åtte dagar til rettssaka i Bergen tingrett.

Kvinne knivdrept i Fyllingsdalen
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix