Hopp til innhold

Fekk strengaste dopingstraffa i noregshistoria – meiner andre domfelte overdriv rolla hans

GULATING LAGMANNSRETT (NRK): 37-åringen nektar for å ha drive mafialiknande verksemd og kjempar for å få lågare straff.

dopingbeslag

BUSKERUD: Dopingmidla som blei beslaglagt i Buskerud i 2015 skal ha hatt ein verdi på 29 millionar kroner.

Foto: Politiet

Måndag starta ankesaka i Gulating lagmannsrett i Bergen. Den 37 år gamle mannen som politiet meiner er hovudmann i dopingsaka, møtte opp i mørkegrå genser, flankert av sine to forsvararar.

Eit års forbruk for 3500 personar

I august dømde Bergen tingrett mannen til åtte og eit halvt års fengsel for å ha oppbevart 89 kilo verkestoff til dopingmiddel. Dette svarar til ifølgje tingretten eit års forbruk for 3500 personar.

Mannen anka dommen, fordi han meiner at mengda er lågare. Samstundes anka også statsadvokat Trond Høvik, som meiner mengda er høgare.

Dei neste tolv vekene skal Gulating lagmannsrett avgjere kor mykje verkestoff han har oppbevart og seld, og fastsetje ein straff utifrå mengda.

Beslag av doping i Måren i Høyanger

HØYANGER: Dette partiet med steroid og hjelpestoff blir knytt til nettverket. Partiet blei funne i den veglause grenda Måren ved Sognefjorden.

Foto: Politiet

Meiner andre overdriv

I tillegg er den tiltalte ueinig i at saka handlar om mafialiknande verksemd, slik Bergen tingrett meinte.

– Anka handlar om mengde og grad av organisering i nettverket, samt plassering av ham i det store bildet, seier Sol Elden, forsvarar for mannen.

– Når så mange har akseptert dommane, er han ikkje åleine om å meine at det ikkje er eit mafialiknande nettverk?

– For så vidt, men han meiner at andre kan ha gitt ham større betydning, og dermed også minska si eige betydning.

Statsadvokat Trond Høvik vil ikkje kommentere dette.

– Kjernen i saka er mengda, og det kjem til å bli ført bevis om det, seier Høvik.

Sol Elden, forsvarer i dopingsaka

FORSVARAR: Sol Elden er forsvarar for den 37 år gamle mannen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

To att på tiltalebenken

Av dei sju som blei dømd i tingretten, varsla fire personar at dei ville anke.

Ein av desse trakk anka før helga.

Ein annan fekk sin anke behandla i lagmannsretten for to veker sidan, og fekk senka straffa. Medan tingretten dømde han til fengsel i tre år og seks månadar, dømde lagmannsretten ham til tre år og fire månadar i fengsel., kor eit av åra er vilkårsbunden.

Derfor sit berre to att på tiltalebenken. I tillegg til den 37-årige påståtte hovudmannen, møter ein 31 år gamal mann frå Bergen.

statsadvokat Trond Høvik

AKTOR: Statsadvokat Trond Høvik er aktor i saka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Noregs største dopingsak

Saka sprakk då tre menn blei pågripen i ein by i Buskerud i 2015. Ein 33-åring, som skal ha vore den lokale leiaren av gruppa, låg alle korta på bordet då han blei pågripen.

Det starta opprullinga av eit nettverk som på eit tidspunkt skal ha stått for det aller meste av dopingsal i landet. Eit halvt år etter blei den påståtte hovudmannen pågripen i Russland, etter å ha vore internasjonalt etterlyst.

Ifølgje statsadvokat Trond Høvik er saka den største dopingsaka i Noreg, iallfall målt i kilo verkestoff.

Beslag av dopingmiddel i Bergen

BERGEN: På dette loftet i Bergen fann politiet store mengder dopingpreparat og produksjonsutstyr.

Foto: Politiet