Tiltalt for omfattande Nav-svindel

Ein tidlegare leiar i eit firma i Bergen er tiltalt for å ha gitt uriktige opplysingar til Nav, som har resultert i feilaktige utbetalingar på til saman éin million kroner. I 2013 oppgav han uriktig informasjon slik at ein person som ikkje jobba i firmaet han dreiv, fekk utbetalt nesten ein halv million kroner. I ein periode på halvtanna år fekk mannen sjølv urettmessig utbetalt over seks hundre tusen kroner i sjukepengar og arbeidsavklaringspengar. Saka mot mannen i 60-åra skal opp for Bergen tingrett i haust.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon