Eks – advokat Odd Drevland er tiltalt for grovt økonomisk underslag, skriv BT.no i dag.
Ifølgje statsadvokaten si tiltale skal Drevland ha underslått 2,9 millionar kroner, i perioden sommaren 2003 til november 2011.
Tiltalen syner at Drevland skal ha underslått pengar frå tre ulike personar eller selskap.
- I 2003 skal Drevland ha underslått 389.300 kroner frå eit eigedomsselskap, som han som advokat hadde disposisjonsrett for.
- I perioden juni 2007 til april 2011 skal han ha tatt 1.668.750 millionar kroner frå taxi Vest.
- I perioden november, ber 2009 til november 2009 skal Drevland ifølgje tiltalen ha underslått 825.000 kroner frå eit dødsbu.
– Vedgår delar av tiltalen
Odd Drevlands forsvarar seier til NRK at hans klient ærkjenner delar av tiltalen.
– Det gjeld underslaget på 825.000 kroner frå eit dødsbu. Denne delen av tiltalen ærkjenner han delar av. I tillegg så seier han at han har gitt feil reknskapsopplysningar.
Utover dette vedgår ikkje Drevland straffskuld i forhold til tiltalen.
– Kva er desse pengane brukt til?
– Det er heilt irrelevant for saka og er ein avsporing i forhold til sjølve saka.
– Det har vore ei ekstrem belastning
Ifølgje Krisitansen er Drevland glad tiltalen endeleg er komen. Han syns sjølv tiltalen er alvorleg og det er fleire punkt i tiltalen han hadde håpa å bli spara for. Men det me må gjere no er å forbrede oss godt på det som skjer framover, seier advokaten.
– Angrar han på det han har gjort?
– Sjølvsagt, han ser særs alvorleg på dette. Denne saka har hengt over han som eit mareritt og har vore ei ekstrem belastning for han, seier Kristiansen.
Strafferamma på minst seks års fengsel
Forholda Drevland er tiltalt for går inn under grovt underslag, som har ei strafferamme på strafferamme på seks år.
Politiet skal ha etterforska saka i to og eit halvt år, og sende før sommaren saka over til statsadvokaten som no har tatt ut tiltale.
Taxi Vest har også gått til sivilt søksmål mot Odd Drevland og hans ansvarsforsikringsselskap. Denne saka skal etter planen opp for Bergen tingrett like etter årsskiftet.
LES OGSÅ: