Politiet meiner dottera helte klorin ned i halsen på mora og forsøkte å kvela ho i Olsvik i påsken i fjor.
88-åringen døydde av hjarteinfarkt nokre dagar seinare.
- Eit rop om hjelp
Forsvareren til kvinna, Åsmund Sandland, meiner saka aldri burde koma opp for retten, og meiner drapsforsøket var eit rop om hjelp.
- Dette er ei oppofrande dotter som har pleidd foreldra sine dei siste 20 åra. Å seia at dette er forsøk på overlagt drap er ganske rystande, seier han.
- Men ho har jo vedgått ein del av dei faktiske forholda?
- Det ho har gitt utrykk for har kome i forklaringar når ho har hatt tre i promille, og det er ikkje noko ein kan bruka, meiner forsvararen.
Nektar straffskuld
64-åringen har nekta straffskuld, og vil be retten om å frikjenna ho.
- Eg var glad i mor mi, og eg hadde aldri tankar om å ta livet av ho, sa dottera då ho forklarte seg i straffesaka i dag.