Hopp til innhold

Kvinne (42) tiltalt for drap på Møhlenpris

Mann (46) døde av knivstikk i brystet. No er sambuaren tiltalt for drap.

Mann knivdrept i Storms gate på Møhlenpris

TILTALT: Ein 46 år gamal mann vart funne med alvorlege knivskader i Storms gate i Bergen i november i fjor. No er sambuaren tiltalt for drap.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det var i november i fjor at naudetatane rykka ut til Storms gate på Møhlenpris i Bergen, etter meldingar om at ein person var knivstukke. Den 46 år gamle mannen døde like etter på sjukehus, og den 42 år gamle sambuaren hans vart sikta for drap.

No er kvinna tiltalt for drapet, skriv Bergens Tidende. Ho nektar straffskuld og hevdar det er andre som har utført drapet på 46-åringen.

- Ho har peika på at det er ukjente som har vore inne i leilegheita og utført drapet, seier statsadvokat Elisabeth Deinboll til BT.

Det var kvinna sjølv som meldte frå til AMK 4. november i fjor. Sida då har ho vore varetektsfengsla. Det er ikkje bestemt tidspunkt for når saka skal gå for retten.