Hopp til innhold

Tiltalt for å ha slått kameraten til døde

Torbjørn Bauge (50) døydde av skadane han vart påført på ein fest på Stord. No møter kameraten i retten.

Voldsepisode på Stord i Sagvåg

Politiet rykka ut til leilegheita på Sagvåg på Stord etter meldingen om valdsepisoden 7.desember 2014.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Det var tidleg på morgonen søndag 7. desember 2014 at politiet rykka ut til ei adresse på Sagvåg på Stord. Meldinga som kom til AMK gjekk på at det var ein medvitslaus mann på staden.

Fire personar hadde vore samla til eit festleg lag, men møtet hadde brått blitt langt meir alvorleg. Inne i leilegheita finn naudetatane 50 år gamle Torbjørn Bauge kritisk skadd etter eit slagsmål med ein kamerat.

Bauge vart frakta med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus, men livet stod ikkje til å redde.

– Ei sak som har fått eit tragisk utfall, sa lensmann Roald Raunholm til NRK etter at Helse Bergen gjekk ut med at mannen var omkomen av skadane.

Tiltalt for dødsvald

Den 42 år gamle kameraten er tiltalt for dødsvald, og møter i Sunnhordland tingrett måndag. Ifølgje tiltalen skal han ha slått til Bauge gjentatte gonger i hovudet og kroppen.

Det er gjort funn av eit stolbein med blod på, som Kripos har analysert for politiet. Spora kan tyde på at valden ikkje vart påført berre med knyttnevane.

Sjølv seier den tiltalte at han handla i naudverje. Han meiner han vart nøydd til å forsvare seg, då Bauge skal ha angripe kona hans som også var på festen.

Men statsadvokaten meiner 42-åringen sin vald har gått langt utover det som skulle til for å hindra angrepet.

Mannen er tiltalt for brot på straffelovens paragraf 229 jf. paragraf 232.

Nektar straffskuld

Mannen sat ein månad i varetekt, før tingretten ikkje fann grunn til å halde han fengsla lenger. Sidan då har mannen gitt fleire forklaringar til politiet.

Han kjem til å gi same forklaring til Sunnhordland tingrett i morgon, fortel forsvarar Erik Lea.

– Han nektar framleis straffskuld. Dette er ei sak som har vore ei veldig påkjenning både for familien til avdøde og min klient, seier Lea.

Glad for at saka endeleg kjem opp

Det nærmar seg to år sidan den skjebnesvangre kvelden på Sagvåg. Det har vore ei lang og tøff ventetid for familien til Torbjørn Bauge.

– Dei pårørande har venta lenge, men er glad for at saka no skal opp for retten. Det blir ei påkjenning, men familien ønskjer å følgja rettssaka og vil vera i tingretten når den startar i dag, seier bistandsadvokat Elisabeth Rød.

Det er sett av fem dagar til rettsaka i Sunnhordland tingrett.