Tiltalt for å ha krenka eksen

Ein mann i slutten av 40-åra må møta i Sunnhordland tingrett tiltalt for å ha utgive seg for å vera eks-kjærasten, med mål om å påføra henne ulempe. Mannen logga seg ved fleire høve inn på eks-kjærasten sin e-post-, Facebook- og Snapchat-konto og sende intime bilete til kvinna sin familie og venner. Han tok også opp lån i hennar namn og sende upassande meldingar til arbeidsgjevar, familie og venner.