Det var 25.februar i år at barna og personalet i Myrane barnehage på Husnes i Sunnhordland fekk seg eit aldri så lite sjokk då dei kom til barnehagen.
Like utanfor barnehagebygget fann dei kjæledyra sine brutalt drepne.
Grusomt syn
Barnehagepersonalet måtte følgje blodspor på barnehageområdet for å finne kva som hadde skjedd med kjæledyra sine.
Då dei kom til ein liten bekk i barnehagen fann dei det dei ikkje ville sjå.
Hanen var halshogd og høna hadde drukna i bekken.
Ungdomsgjeng stod bak
Kort tid etter vart ein ungdomsgjeng på tilsaman åtte ungdommar mistenkd for å stå bak ugjerninga.
Ungdommane var i alderen 13 til 18 år.
Fleire av desse har tilstått å stå bak ugjerninga.
Tiltale for hønsedrapa
Politiet i Hordaland vil berre ta ut tiltale mot ein av ungdommane som gjorde herværk i Myrane barnehage i Sunnhordland.
Dei fleste andre ungdommane er under den kriminelle lågalder og vil få fremja saka for konfliktrådet.