Kvinna i 30-åra fekk diagnosen hiv-positiv i august 2003 skriv Haugesunds avis. Kvinna bur no på krisesenter etter at paret er separert ved dom. Paret har eit lite barn saman. Om også barnet er HIV-smitta er det endå for tidleg å seie.
Kan ha smitta fleire
Folk som kjenner mannen i 40-åra seier at han skal ha vore hivpositiv i fleire år. Dei frykter at han kan ha smitta fleire kvinner.
- Min klient vil ikkje vedkjenne seg straffskuld, seier advokat Eric Lindset som representerer mannen til Bergens Tidende.
Risikerer fengsling
I 2000 vart ein 42 år gammel mann dømd til to år og ti månader i fengsel i ei liknande sak. Han hadde hivsmitta to kvinner og hatt ubeskytta sex med dei.
Politiadvokat Kjetil Kvalvik ved Hordaland politidistrikt seier at saka er oversend til Sunnhordland tingrett og at det vil bli rettsak i løpet av nokre veker.