Hopp til innhold

Tre tenåringar tiltala for alvorlege brotsverk

Tre gutar i alderen 16–17 år er tiltala for ran, vald, narkotikakriminalitet og lekamsskading.

Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen

TATT UT TILTALE: Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen har tatt ut tiltale mot tre unge gutar frå Bergen. Dei tre er tiltala for ei rekkje alvorleg brotsverk.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Tre gutar frå Bergen i alderen 16–17 år er tiltala for ei rekkje alvorlege brotsverk, alt utført i perioden februar til mai i år. Tenåringane er tiltala for ran, narkotikakriminalitet, lekamsskading, trugslar og hindring av offentlege tenestemenn, samt vinningskriminalitet.

Politiet jobbar og med å ta ut tiltale mot ein fjerde 15–år gammal gut, som skal ha vore delaktig i fleire tilsvarande lovbrot, skriv BT.

– Det er få under 18 år som gjer seg skuldig i så alvorlege lovbrot i løpet av eit år i Bergen, seier statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen som har tatt ut tiltala mot dei tre gutane til avisa.

Har arrangert slåstkampar

Ifølgje politiet har ungdomsgjengen vore godt synlege i Bergen. Dei har mellom anna motteke tips om at dei fire tenåringane skal ha arrangert slåstkampar.

– Nokre av desse kampane har ført til alvorlege skader hos involverte unge, mellom anna som ei følgje av spark i hovudet, seier leiar for ungdomsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon Tone loftesnes Kornli.

Sidan dei tre tiltalte er under 18 år, vil dei ikkje dømmast til fengsel dersom det ikkje syner seg å vere særleg grunn til det.

Etter at politiet byrja jobbe opp mot miljøet, er dei blitt kjende med at fleire personar skal vere tilknyta gruppa, mellom anna fleire jenter ned i 13-års alderen.