To gutar i 14-15 års alderen har tilstått og to andre er kalla inn til avhøyr om hærverket ved Tertnes skule tidlegare denne månaden.
Hadde rusa seg
Forebyggjande avdeling ved Arna og Åsane lensmannskontor satsa mykje på å oppklare saka, seier etterforskningsleiar Bjørn Eide til NRK Hordaland.
- Etter å ha satt saman ein del bitar i puslespelet henta dei inn to ungdommar i 14-15 års alderen i går kveld. Desse ungdomane valgte å leggje korta på bordet etter å ha blitt konfrontert med opplysningane politiet hadde. Dei er djupt ulukkelege for dette og har fortald at dei hadde rusa seg då dette skjedde. Dei seier dei aldri ville gjort det om dei ikkje hadde vore rusa.
To mistenkte
Dei to ungdomane skal vere tidlegare elevar ved skulen.
Resultatet av hærverket blei skadeverk for om lag 1 million kroner då gutane tetta alle vaskane og skrudde på vatnet
To andre ungdommar er mistenkte for å ha vore med på hærverket. Desse to skal avhøyrast av politiet.
Olsvik-hærverk mot oppklaring
Også politiet i Laksevåg står framfor eit gjennombrot i saka ved Olsvik skule der det blei gjort hærverk og tjuveri førre helg.
Politiet mistenker ei gruppe ungdomar i alderen 14-22 år for å ha stått bak det omfattande skadeverket.
Mellom anna spraya dei handverksfløyen med pulver frå eit brannsløkkingsapparat, og stal med seg verdiar for 80 000 kroner.