NRK Meny
Normal

Tilstanden betra for to av tre skadde

Tilstanden er framleis kritisk for ein 23 år gammal mann som truleg blei kolosforgifta i ein båt i Bergen sundag. Ein mann (22) og ei kvinne (28) er no på betringens veg.

Tre personer funnet bevisstløse på Bryggen

FUNNEN LIVLAUSE: To menn og ei kvinne i 20-åra vart funnen livlause i denne trebåten på Bryggen sundag etter det som kan sjå ut til å vera ei kolosforgifting.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Haukeland universitetssjukehus opplyser i ei pressemelding at to av dei tre personane som vart funnen medvitslause i ein båt på Bryggen i Bergen sundag no berre er lettare skada.

Tilstanden er framleis kritisk for ein 23 år gamal mann som var ombord.

Alle dei tre skal vera heimehøyrande i Nordhordland.

– Tru dei vart forgifta av aggregat

Førstebetjent ved Hordaland politidistrikt, Jannicke Johannesen, seier dei held fram med etterforskinga av saka, men at mykje tyder på forgifting.

– Hovudteorien vår er at det er kolosforgifting frå eit aggregat som er årsaka til ulukka.

Dei har endå ikkje fått avhøyrd nokon av dei involvert.

– Det er gledeleg at to personar no er medvitne, men desse er ikkje i stand til å la seg avhøyra endå.

Johanessen opplyser at dei ikkje har mistanke om at noko kriminelt har skjedd.

Dramatisk sundag

Like før klokka 12.30 sundag fekk politiet meldinga om at tre personer var funnen medvitslause i ei fiskeskøyte som låg til kai ved Bryggen. Mannskapar frå Bergen Brannvesen var i nærleiken, slik at vedkommande som fann dei tre, ein slektning av dei, raskt kom i kontakt med bergingsmannskapar.

– Me hadde ein bil på Bryggen, og mannskapa vart tilkalla av personen som oppdaga dei tre i båten. Han fortalte at det låg nokon personar i ein båt, at dei var medvitslause og at han ikkje fekk kontakt med dei, fortel brigadeleiar i Brannvesenet Kjell Hegdal til NRK.

Karbonmonoksid (CO), også kalt kolos, er ein svært giftig gass utan farge og lukt, som kan spre seg frå til dømes forbrenningsmotorar i båtar. Det er førebels uvisst kvar gassane lak ut i treskøyta.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.