NRK Meny
Normal

Tilsette står fram: – Usant at leiinga ikkje veit om fryktkultur

SANDSLI (NRK): Tilsette i eit bufellesskap for utviklingshemma snakkar for første gong offentleg om frykta for å sjukmelda seg: – Folk er livredde for represaliar.

Sandslivegen bofellesskap

DÅRLEG ARBEIDSMILJØ: Ei gruppe anonyme tilsette i Sandslivegen bufellesskap i Bergen reagerer på at toppleiarar seier påstandar om fryktkultur er ukjent, når det vart sendt eit varslarbrev om dette i fjor.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me har opplevd at kollegaer kom på jobb med feber eller på krykker. Legen ville sjukmelda, men den tilsette våga ikkje. Det seier sitt.

Dei som fortel dette vil vera anonyme.

Dei er fleire tilsette i Sandslivegen bufellesskap som no har bestemt seg for å ta bladet frå munnen, sjølv om dei ikkje vil stå fram med namn.

– Eg føler meg litt feig, men overfor Bergen kommune er det som å stå åleine mot Goliat, seier ein av dei.

Ole Daniel Virkesdal

OPENHEITSKULTUR: – Me ønsker at tilsette skal seia det dei meiner. Dette har me etterlevd også i møtet med dei tilsette i Sandslivegen, seier etatsdirektør Ole Daniel Virkesdal.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

NRK fortalde i byrjinga av oktober om kritikkverdige tilhøve for tilsette i bufellesskap for utviklingshemma i Bergen:

Snakkar ut

Hovudtillitsvald Renathe Remes Øen i Fellesorganisasjonen, bystyrerepresentant Jana Midelfart Hoff i Høgre, og hovudverneombod Henning Aasheim i etat for tenester til utviklingshemma fortalde om urovekkande teikn på at det herskar ein fryktkultur blant tilsette.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i det, svarte etatsdirektør Ole Daniel Virkesdal den gongen.

– Eg er ikkje kjend med nokon som helst fryktkultur, sa helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF).

Sandslivegen bofellesskap i Bergen

OPPRØRTE TILSETTE: Ei gruppe tilsette ved Sandslivegen bufellesskap for utviklingshemma reagerer på at toppleiarar i Bergen kommune seier dei ikkje kjenner til fryktkultur i etaten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det er særleg desse utsegnene som gjer at nokre av dei det faktisk gjeld no vil snakka offentleg om det.

Anonymt varsel

Dei tilsette NRK møter er opprørte over at toppleiarar i kommunen avviser påstandane.

– Når dei seier ein fryktkultur er ukjend for dei, snakkar dei ikkje sant. At verken etatsdirektøren eller den politiske leiinga kjenner til frykt blant tilsette i bufellesskapa, er rett og slett ikkje truverdig.

Legen ville sjukmelda, men den tilsette våga ikkje. Det seier sitt.

Tilsett i Sandslivegen bufellesskap

For i fjor vår sende tilsette ved denne bufellesskapen eit anonymt varsel til både bedriftshelsetenesta i Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Arbeidstilsynet, fagforeiningane og hovudverneombodet i etaten.

Varslarane skreiv at dei var «redd for gjengjeldelse fra arbeidsgiver».

– Dei er livredde for represaliar. Både fast tilsette og vikarar er redde, seier dei som NRK møter.

– Fryktar omplassering

Varselet fortalde mellom anna om:

  • «meget dårlig arbeidsmiljø»
  • «angiverkultur»
  • «stadig nye turnuser og forflytting/oppsigelser av ansatte»
  • «ansatte er redde for å være sykmeldt i frykt for å omplasseres»

Helsebyråd Gåskjenn held fast ved at kommuneleiinga ikkje har fått informasjon om fryktkultur i etaten.

Vigdis Anita Gåskjenn

UKJEND MED FRYKT: Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier Arbeidstilsynet ikkje nemnde nokon fryktkultur etter varslarbrevet i fjor.

Foto: Magne Sandnes / Bergen kommune

At ho i tidlegare intervju ikkje nemnde det anonyme varslarbrevet som faktisk omtala frykt, forklarar ho slik:

– Situasjonen med Sandslivegen var ikkje nemnt, då denne er ferdig handsama. Arbeidstilsynet nemner heller ikkje fryktkultur i sine funn.

Tilsyn: – Uforsvarleg

Arbeidstilsynet gav i fjor Bergen kommune fleire pålegg knytt til Sandslivegen bufellesskap.

Tilsynet slo fast at kommunen mellom anna braut ulike krav til kompetanse og forsvarleg arbeidsmiljø, og krav til å avdekka, retta opp og førebygga slike brot.

Arbeidstilsynet meiner at kommunen har retta opp i dette.

– Me kjenner godt til Sandslivegen bufellesskap, seier tilsynsleiar Marita Scott.

– Fleire bufellesskap byr på utfordringar. Sandslivegen har hatt mange utfordringar. Dei siste åra har dei der hatt store utfordringar med arbeidsmiljøet og HMS (helse, miljø og sikkerheit).

Marita Scott

VELKJEND: Tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet seier Sandslivegen bufellesskap har hatt mange utfordringar med arbeidsmiljøet, og at kommunen har fått fleire pålegg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det høge sjukefråværet er urovekkande. Endring og omstilling gir ofte bekymringar for dei tilsette.

– Det verkar som mange ikkje vågar å snakka høgt om det?

– Å ha gode medverknadsprosessar og openheit er viktig. Men det er også fritt opp til alle å varsla Arbeidstilsynet. Då vurderer me om det er eit mønster i det tipsa omhandlar.

Meiner leiarar skaper frykt

NRK fortalde denne veka at det i år er kutta 28,5 millionar kroner i bufellesskapa i Bergen, noko som svarar til 38 årsverk. Dei fleste bufellesskapa har no fått lågare eller uendra bemanning, ifølge helsebyråden.

Ein viktig del av kutta er knytt til turnusendringar. Frå september er det til dømes innført 12,5 timars langvaktturnus for alle som jobbar i Sandslivegen bufellesskap.

Det har utvikla seg ein ukultur blant ei gruppe tilsette som ofte krev omkampar mot tiltak som leiinga set i verk.

Kommunaldirektør Nina Mevold

Tilsette meiner prosessen rundt turnusendringa viser fleire døme på korleis dårleg leiarkultur skapar frykt.

Nei til tilrettelagd turnus

Dei seier at dei i april vart innkalla til allmøte med etatsdirektøren utan å få vita at det gjaldt ei omfattande turnusomlegging der alle må jobba 12,5-timarsvakter.

– Ikkje ein gong då nokon spurde, fekk me vita det på førehand. Det skapte uro og uvisse.

Etatsdirektør Virkesdal skriv til NRK at hensikta var å treffa alle samstundes for å unngå uheldige rykte.

Postkassen til Sandslivegen bofellesskap i Bergen

– DÅRLEG LEIARKULTUR: Tilsette meiner at den som seier ifrå på vegner av bebuarane, blir oppfatta som vanskeleg og negativ. – Leiarane vil gjera folk «flate».

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tilsette fortel at ein åleinepappa på allmøtet sa at han ikkje vil kunna jobba så lange vakter. Etatsdirektøren skal ha svara: «Ingen får tilrettelegging i Sandslivegen. Det spelar inga rolle om ein har jobba eitt eller 22 år».

– Den tilsette fekk altså i plenum beskjed om at han ikkje kan fortsetta å jobba der. Mange reagerte på ei slik personalbehandling, men ingen våga å seia noko, seier ein kollega.

Til NRK skriv Virkesdal at svaret han gav var ei generell forsikring om at alle ville få behalda jobben i kommunen og få varetatt rettane sine uansett kor lenge dei har jobba der.

– Indirekte oppseiing

Dei tilsette fortel også at etter turnusendringa oppdaga ein deltidstilsett kollega tilfeldig at ho ikkje lenger stod på vaktplanen.

– Det var jo å oppfatta som ei indirekte oppseiing, utan at ho hadde fått beskjed. Slik går leiinga fram.

Leiarane vil gjera folk «flate».

Tilsett i Sandslivegen bufellesskap

Om dette skriv Virkesdal til NRK at det var ein kommunikasjonsglipp som blei ordna opp i etterkant.

– Ukultur blant tilsette

Kommunaldirektør for byrådsavdeling for helse og omsorg, Nina Mevold, skriv til NRK at påstandane frå desse tilsette er urimelege. Ho understrekar at verken Fylkesmannen eller Arbeidstilsynet påpeika noko om fryktkultur i sine tilsynsrapportar.

– Det har utvikla seg ein ukultur blant ei gruppe tilsette i Sandslivegen bufellesskap som ofte krev omkampar og viser liten vilje til å forholda seg til ulike tiltak som leiinga set i verk.

Mevold seier det har vore gode prosessar der medarbeidarane har fått komma med sine innspel.

– Eg støttar etatsdirektøren sitt arbeid med å få orden på arbeidsmiljøet. Han har gjennomført ein omfattande prosess med deltaking av tillitsvalde og verneombod i bufellesskapet. Nokre gonger kan god og tydeleg leiing møta motstand, skriv kommunaldirektøren.

– Forferdeleg trist

Renate Aastveit er resultateiningsleiar for Kompetanseenhet Sør, som Sandslivegen høyrer til. Sjølv om også ho såg det anonyme varselet i fjor vår, seier Aastveit det er ukjent for henne at sjukmelde tilsette fryktar å bli omplassert.

– Det har eg faktisk ikkje høyrd at dei blir. Eg tykkjer det er forferdeleg trist viss dei føler det slik. Eg har ikkje fått tilbakemeldingar på akkurat det.

Renate Aastveit, resultatenhetsleder Bergen kommune

VIL HA BESKJED: – Eg opplever ikkje at dei tilsette er redde for å seia ting. Heller tvert om, seier resultateiningsleiar Renate Aastveit med ansvar for mellom anna Sandslivegen bufellesskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Aastveit understrekar at ingen blir sagt opp i Bergen kommune.

– Men viss nokon blir overtalig i eit bufellesskap, finn me ein annan arbeidsplass til dei.

– I kva grad gir dei tilsette i bufellesskap generelt innspel og kritikk?

– Det er viktig. Det er berre slik me kan bli betre. Så eg forventar at tilsette gir tilbakemeldingar på godt og vondt.

Me kjenner godt til Sandslivegen bufellesskap.

Marita Scott, Arbeidstilsynet

Dei tilsette som møter NRK, teiknar eit anna bilete:

– Den som seier ifrå på vegner av bebuarane, blir oppfatta som vanskeleg og negativ. Leiarane vil gjera folk «flate». Etatsdirektøren finst overhovudet ikkje open for innspel.

– Me får så øyra flagrar

Virkesdal har tidlegare understreka overfor NRK at han ikkje vil at tilsette legg lokk på kritikk.

– Me har ein openheitskultur og er opptatt av å halda ein openheitskultur. Me vil gjerne at våre tilsette skal seia det dei meiner, og opplever i veldig stor grad at dei gjer det.

Nina Mevold

– UVILLIGE TILSETTE: – Det har utvikla seg ein ukultur blant ei gruppe tilsette i Sandslivegen bufellesskap som viser liten vilje til å forholda seg til ulike tiltak som leiinga set i verk, seier kommunaldirektør Nina Mevold.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Dette har me etterlevd også i møtet med denne gruppa tilsette i Sandslivegen, seier Virkesdal.

– Me får høyra at det ikkje er eit miljø for innspel og kritikk i bufellesskapa?

– Det kjenner eg ikkje til, seier Aastveit.

– Kva gjer du som ansvarleg leiar for å inspirera til at tilsette seier ifrå?

– To gonger årleg samlar eg alle verneomboda, der eg seier eg forventar at dei får eit godt samarbeid med leiaren sin. Eg forventar også at dei kommuniserer oppover i linja. Eg seier til nytilsette og ringevikarar at dei må fortelja kva dei ser, og stilla spørsmål, slik at me kan korrigera viss me gjer noko feil.

Aastveit seier ho prøvar å komma seg rundt i bufellesskapa.

– Eg opplever ikkje at dei er redde for å seia ting. Heller tvert om: Me får ofte så øyra flagrar.

Renathe Remes Øren

FRYKTKULTUR: Hovudtillitsvald Renathe Remes Øen i Fellesorganisasjonen i Bergen kommune meiner det herskar frykt blant tilsette i Etat for tenester til utviklingshemma.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Dei NRK møter seier frykta dei kjenner særleg kjem frå resultateiningsleiaren og etatsdirektøren.

– Me må stå skulerett for Aastveit når me er sjukmelde eller treng kortvarig tilrettelegging. Andre stader i kommunen blir slikt normalt ordna med næraste leiar på arbeidsplassen.

– Tar no grep

Aastveit seier ho ikkje har fått noko varsel som omhandlar frykt, men ho nemner eit varsel om dårleg arbeidsmiljø ho fekk frå ein tilsett i eit bufellesskap.

– Det har me grepe tak i. Me er i startgropa i den prosessen, saman med vernetenesta, fagforeiningane og Nav.

Dei er ikkje redde for å seia ting. Me får ofte så øyra flagrar.

Renate Aastveit, resultateiningsleiar

Varselet om Sandslivegen bufellesskap gjekk ikkje direkte til kommunen, vernetenesta eller tillitsvalde, men Aastveit fekk kopi av det.

– Det er klart at då heng me bakpå med ein gong. Så eg ønsker at folk tar ting opp i linja, slik at me kan få starta prosessar tidleg, før ting blir større enn dei treng å vera.

– Dårleg oppfølging av sjuke

Tilsette i Sandslivegen bufellesskap er kritiske til manglande oppfølging av sjukmelde.

– Dei får aldri ein telefon frå leiarar med spørsmål om korleis dei har det. Derimot har folk medan dei er sjukmelde fått beskjed om at dei vil bli flytta til ein annan arbeidsstad.

Sandslivegen bofellesskap i Bergen

– LITE STØTTE: Ifølge tilsette har sjukmelde kollegaer i staden for omsorgsfulle oppringingar blitt innkalla i sjukeperioden sin med beskjed om at dei vil bli flytta til ein annan arbeidsstad.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Aastveit seier at sjukmelde blir følgt opp i samsvar med IA-avtalen (om «inkluderande arbeidsliv»).

– Dei blir følgt opp av næraste leiar, som tar ein telefon til dei – som i alle fall skal ta ein telefon – og høyra korleis det går og kva me kan gjera for dei.

Mange reagerte på ei slik personalbehandling, men ingen våga å seia noko.

Tilsett i Sandslivegen bufellesskap

Aastveit seier at av helsegrunnar kan det å få sjukmelde tilbake i jobb av og til innebera at dei byter arbeidsstad.

Tilsette fortel at leiinga etter ein periode med høgt sjukefråvær laga statistikk for dei siste tre åra. Dei mest sjukmelde vart innkalla til individuelle møte, og opplevde det som anklagande.

Det var etter å ha vore i eit slikt møte at ein tilsett seinare gjekk på jobb med krykker sjølv om legen føreslo sjukmelding.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.