Tilsette slo alarm i Akasia for fire år sidan: – Det var dette me frykta

Tillitsvalde fortel om uro for enorme lån og låg bemanning i Akasia i lang tid. No reagerer dei på avsløringane om at barnehagar kan ha vore pengemaskinar for selskapet.

Eksteriør, gjerder og skiltet for Akasia Råtun Barnehage mot grå himmel

HØG LEIGE: I sin kontroll meiner kommunen å ha funne at pengar som kunne vore brukt på tilbod til barn, i staden gjekk inn i Akasia-konsernet.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Onsdag varsla Bergen kommune at dei krev å få betalt tilbake 28 millionar kroner frå barnehagekonsernet Akasia.

Kommunen meiner barnehagetilskot og pengar frå foreldra har gått til Akasia sitt eigedomsselskap. Derfrå vidare til morselskapet i konsernet.

– Viss dette stemmer, er eg djupt sjokkert. Det er svært alvorleg, seier Geir Møller.

Han er hovudtillitsvald for Delta i Bergen kirkelege fellesråd (BKF), og har jobba i den norske kyrkja i over 40 år.

Lån på 400 millionar

Allereie i 2015 var han svært skeptisk til at fellesrådet vedtok å overføra barnehagane sine til det nyoppretta selskapet Akasia AS.

Dermed gjekk dei 25 kyrkjelydane inn som aksjeeigarar i det nye selskapet.

I neste fase vart lån på over 400 millionar kroner ført over til Akasia AS. Desse vart tekne opp etter eit storstilt oppkjøp av andre barnehagar.

Det fekk dei tilsette til å slå alarm.

I eit intervju med BT uttrykte Møller og dåverande hovudtillitsvald i Akasia, Alexander Myrtvedt, sterk uro for at Akasia på sikt skulle bruke barnehagane for å henta ut pengar.

– Ein av hovudgrunnane til BKF ønsker å skilja ut barnehagedrifta og forvaltning i eigne aksjeselskap, er å generera ekstra inntekter til BKF. Det har eg inga god kjensle for, sa Møller.

Han stilte spørsmålet: Skal kyrkja tena pengar eller leva opp til andre ideal?

Geir Møller, mann med briller, ser inn i kamera med grønn bakgrunn

SLO ALARM: Avsløringane stadfestar det vi slo alarm om for fire år sidan, meiner Geir Møller i Delta.

Foto: Delta

Akasia avviser

No meiner Bergen kommune at Akasia AS har brukt barnehageselskapet som ei inntektskjelde for Akasia-konsernet.

– Viss dette er riktig, er eg djupt sjokkert. Dette er noko av de me har frykta i lys av utskiljinga av barnehagedrifta og inndelinga i eigne aksjeselskap.

– Korleis vurderer du denne saka opp mot dei bekymringane du flagga for fire år sidan?

– Den stadfestar vel litt dei bekymringane me hadde, seier Møller.

Styreleiar i Akasia AS, Jan Dagfinn Midtun, avviser kontant at barnehagane blir brukt som ei mjølkeku for Akasia-konsernet. Konsernet fekk tilsynsrapporten tysdag ettermiddag og har varsla at dei treng tid på å gå gjennom den.

– Vi har sagt at ein ikkje skal rekna med å tena pengar på barnehagane i Akasia. Alt skal gå til drift, bemanning og barna, sa han i eit lengre intervju med NRK i går.

Varsla om låg bemanning

Møller tek atterhald om at opplysningane kommunen har lagt fram faktisk stemmer.

– Viss dette er riktig, og er eit resultat av medvitne handlingar, bør det få konsekvensar for nokon.

Fleire av Akasia-barnehagane har ifølge kommunen hatt lågare bemanning enn det kommunen har i sine barnehagar.

Tilsette i fleire barnehagar over lengre tid har kome med uromeldingar om låg bemanning. Det seier Anita Knappskog, leiar i Utdanningsforbundet i Hordaland.

– Tillitsvalde har vore uroa både for den forsvarlege drifta, oppfølginga av enkeltbarn og gjennomføringa av opplegga. Det gjeld mangel på vikarar, men også den faste bemanninga.

– Det er ganske kritisk om ein har valt å bruka pengane på noko anna, men eg er veldig glad for at det blir avdekt no.

Bjerknesparken barnehage

MEINER BEMANNING VAR GOD: Akasia meiner sjølv dei har hatt god bemanning, og vil ettergå påstandane frå kommunen i løpet av sommaren.

Foto: Christian Lura / NRK

Uroa for omdømmet til kyrkja

Akasia-konsernet er heileigd av Bergen kirkelege fellesråd, gjennom aksjepostane til dei 25 kyrkjelydane. Møller, som altså er tillitsvald for tilsette for kyrkjetenarar og administrasjonstilsette i BKF, er svært bekymra for omdømmet til Den norske kyrkja

– Ja, og ikkje minst tilliten. Eg forventar at leiinga både i BKF og Akasia no legg alle tal og fakta på bordet, seier Møller.

Han spør seg om styra kan hatt oversikt over pengestraumen.

Leiar for heile BKF, Lars Kristian Stendahl Gjervik, seier at saka kom svært overraskande, og at fellesrådet tar saka på alvor.

– Viss det som står i rapporten stemmer, er dette veldig alvorleg. Men først må styret kome med sine svar rundt rapporten. Når me veit utfallet kan me vurdera kva konsekvensar saka skal få. Det er for tidleg å seia noko om det no, seier Gjervik.

Han er uansett uroa for tilliten til selskapet.

– Det inntrykket som blir skapt av Akasia si barnehagedrift er ikkje i tråd med korleis me ønskjer at selskapet skal stå fram, seier Gjervik.

Han slår fast at styret i Akasia framleis har fellesrådet sin tillit.

  • Hovudtillitsvald for dei organiserte i Fagforbundet i Akasia, Magnhild Selvik, er på ferie og viser til Akasia for kommentar. Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Delta sin hovudtillitsvalde i Akasia.