Hopp til innhold

Mistar jobben: – Veldig urettferdig

Rolls-Royce flyttar produksjonen frå Os og dei 122 tilsette på fabrikken går ei usikker tid i møte. – Dei tilsette er veldig skuffa, seier klubbleiar Dag Kåre Støyva.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Dag Kåre Støyva er ein av dei 85 som mistar jobben når Rolls-Royce flyttar produksjonen frå Os til Sunnmøre.

Konserndirektør John Knudsen Rolls-Royce

John Knudsen er konserndirektør for Commercial Marine i Rolls-Royce.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Rolls-Royce meiner det ikkje lenger er forsvarleg å ha styremaskin-produksjon på to stader, og vil difor flytte produksjonen i Os til Haram på Sunnmøre. Dette skjer om to år.

– Stemminga er dårleg, og dei tilsette er veldig skuffa over avgjeringa til Rolls-Royce, seier klubbleiar Dag Kåre Støyva.

Han har jobba i heile 27 år for Rolls-Royce, og medan dei på Sunnmøre kunne juble for sine jobbar, så var stemningar meir trykt i Os.

– Det er klart at det ikkje er nokon lett dag i dag. Me har sjølvsagt sympati for det som skjer, men det er heilt naudsynt å få endra kostnadsstrukturen på det me har, seier John Knudsen som er konserndirektør for Commercial Marine i Rolls-Royce.

Vil finne jobbar for tilsette

Valet fall på å behalde produksjonen i Haram fordi det anlegget også produserer anna utstyr enn styremaskiner. Fabrikken på Sunnmøre har nærare 500 tilsette og 26 av desse er involverte i produksjonen av styremaskinene.

I Hagavik vert det berre produsert styremaskiner og 85 av de totalt 122 tilsette på fabrikken er involvert i produksjonen. Desse 85 står no utan jobb, medan dei resterande truleg får jobb vidare hjå Rolls-Royce.

– For det første ynskjer me å halde oppe forretningsvoluma, og me vil gå inn og sjå på kva mogelegheiter det er for å få flytta folk, seier John Knudsen.

Leiinga i Rolls-Royce vil prøve å finne nye oppgåver til de tilsette i Hagavik. Nokre vil bli overført til andre stader, medan andre får tilbod om jobb ved andre anlegg i bergensområdet eller på Nordvestlandet. Det vil også bli gitt tilbod om individuell støtte til jobbsøking.

– Urettferdig

Leiinga hadde allmøte med dei tilsette tidleg torsdag, og det har også vore møte med fagforeiningar. Klubbleiar Dag Kåre Støyva seier stemninga var fatta blant dei 122 tilsette.

– Det er urettferdig fordi me har hatt veldig gode resultat i mange år, me har hatt veldig god ordreinngang, og eg synst me burde fått fortsette her sjølv om me hadde eit underskot i fjor, seier Dag Kåre Støyva.

– Eg synst det er feil å legge ned ein avdeling som går veldig bra og flytte produksjonen til ein sight som går mykje dårlegare. Me er den avdelinga i Rolls-Royce i Noreg som har gitt best resultat dei siste ti åra, seier han.

Er det realistisk å finne arbeid til 122 personar i området?

– Ja, det trur eg faktisk. I løpet av to år, som er tida dei trur det skal gå, så eg er optimist for dei fleste, seier Støyva.