Sist veke fortalde NRK at Akasia har stemna om lag nitti tilsette i Fagforbundet til tingretten.
Stemninga er eit direkte motsvar på at Fagforbundet stemna Akasia for arbeidsretten. Det heile dreier seg om krangel om pensjonar.
- Bakgrunn:
Akasia forvaltar kyrkjer og gravplassar i Bergen, i tillegg til å driva fleire private barnehagar.
– Til slutt blei konflikten såpass stor at den gjekk ut over helsa, seier Aleksander Myrtvedt. Han er tømrar og tidlegare hovudtillitsvald.
Sa opp jobben
Bergen kirkelige fellesråd har skilt ut deler av verksemda i fleire aksjeselskap, blant anna Akasia Barnehage AS, Akasia Kirke og Gravplass AS og Akasia Eiendomsforvaltning AS.
Det er desse tre selskapa Fagforbundet i Bergen har teke til retten for brot på hovudtariffavtalen. Alle medlemene i Fagforbundet i desse tre selskapa er difor stemna til tingretten.
– Det som skjedde var overraskande, seier Aleksander Myrtvedt.
Han arbeider no som tømrar ved Bymuseet i Bergen. I februar slutta han i Akasia etter seks år i selskapet, som er heileigd av Bergen kirkelege fellesråd.
– Det var på tide å gje seg før helsa sa stopp.
Myrtvedt har følgd omorganiseringa i Akasia-konsernet sidan selskapet blei stifta i 2012. Ifylgje han og fleire noverande tillitsvalde er han langt frå den einaste som har slutta i Akasia dei siste åra. Rot, endringar og uro i organisasjonen er nøkkelord.
– Det går på rovdrift for å kunne tene mest mogeleg med pengar som kan genererast inn i Bergen kirkelege Fellesråd. Mange oppfattar det som dobbeltmoral, seier Myrtvedt.
– Ingen kommentar
Styreleiaren i Akasia A/S ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK. Administrerande direktør Ove Christian Fredriksen seier han ikkje kjenner til at tilsette har slutta, men vil ut over det ikkje kommentere kritikken frå Myrtvedt.
– Me har ikkje moglegheit til å få fram ei sak for tingretten ved å stemna Fagforbundet. Me måtte stemna juridiske personar, så diverre såg me oss nøydde til å stemne heile gruppa med tilsette, sa Fredriksen til NRK sist veke.
Kyrkja kallar styret inn på teppet
– Dette er ein krevjande situasjon, både for selskapet, tilsette og leiinga. Det er og krevjande for oss som eigar, seier kyrkjeverje i Bergen kirkelege Fellesråd, Asbjørn Vilkensen.
Fellesrådet har difor kalla styret i Akasia inn for å få ei orientering om dei faktiske forholda. Vilkensen tar utspelet frå Aleksander Myrtvedt på alvor.
– No er det ein konfliktsituasjon der dei tilsette ikkje oppfattar Akasia som ein god arbeidsgjevar. Om det er tilfelle ynskjer vi å få bringa på det reine.