Hopp til innhold

Tilrår rettssak etter Air France-ulukka: – Viktig å finna alle svar

Fransk påtalemakt meiner Air France visste om tekniske feil og vil tiltala flyselskapet for aktlaust drap. Norske pårørande håpar alle spørsmål om flyulukka for ti år sidan no kan bli besvart.

KNUST: Air France-flyet fall frå 11.000 meters høgde i Atlanterhavet for ti år sidan.

Foto: Ho / AFP

228 menneske mista livet i ulukka. Air France-flyet var på veg frå Rio de Janeiro til Paris då det styrta i Atlanterhavet for nesten nøyaktig ti år sidan.

Ulukka med flight AF447 1. juni 2009 har blitt omtala som ei av dei verste i nyare tid. Av dei 228 menneska som mista livet, var det tre nordmenn og ein elleve år gamal gut med norsk og britisk statsborgarskap.

Etter ti år med etterforsking av ulukka tilrår no den franske påtalemakta rettssak mot flyselskapet Air France for aktlaust drap og forsømming, opplyser kjelder til nyhendebyrået AFP.

– Vi tykkjer det er bra at det framleis blir arbeidd med å finne svar på alle spørsmål knytt til ulukka, seier Linn Cecilie Moholt til NRK.

Linn Cecilie Moholt

MISTA FAR OG BROR: Linn Cecilie Moholt var tidlegare administrerande direktør i familieselskapet Karsten Moholt AS. Biletet er tatt ved eit anna høve.

Foto: Mattis Sandblad / VG

– Visste om teknisk feil

Moholt mista faren og broren i flystyrten. Karsten Aleksander Moholt var av dei som vart funnen i havet, medan faren Karsten Moholt aldri er blitt funnen.

Kristian Berg Andersen var den tredje nordmannen som mista livet i ulukka.

– Det er viktig å gjera alt for å unngå tilsvarande ulukker i framtida, seier Moholt.

Påtalemakta i Frankrike meiner flyselskapet visste om tekniske feil på Airbus 330-flyet, men at pilotane ikkje hadde fått god nok informasjon om det, melder AFP.

Dei hevdar også at pilotane ikkje hadde fått trening i korleis dei skulle løysa problemet som oppstod med ein fartsmålar.

Fall frå 11.000 meters høgde

Ein av fartsmålarane til flyet skal ha fryst til då det kom opp i stor høgde. Pilotane forstod aldri informasjonen som vart gitt til dei då feilmeldingane byrja å koma.

Pilotane hamna i ein situasjon med «total mangel på kontroll», slik den franske havarikommisjonen skildra det då dei la fram sin rapport i 2012.

Feilen på fartsmålaren forvirra pilotane. Då flyet gav beskjed om at det steila, heva likevel ein av pilotane nasen på flyet, slik at det mista både oppdrift og fart.

Flyet fall frå 11.000 meters høgde. I tre og eit halvt minutt strevde pilotane med å forstå situasjonen, før det var for seint.

Kristian Berg Andersen, Karsten Moholt og Karsten Aleksander Moholt

OMKOM: Kristian Berg Andersen, Karsten Moholt og Karsten Aleksander Moholt var om bord i flyet.

Foto: easa.com/Skipsrevyen/Øyvind Hagen, StatoilHydro

Tok to år å finna boksen

«Kva skal vi gjere? Eg har ikkje kontroll over flyet», var noko av det siste som vart sagt av ein av pilotane. Det tok to år å finne den svarte boksen med taleregistrator på 3900 meters djupne i Atlanterhavet.

Ti år etter ulukka må ein fransk undersøkingsdommar no avgjera om saka skal hamna i retten. Air France kan også klaga på ei slik avgjerd.

– Det viktigaste for oss er ikkje at det blir plassert skuld. Vi er mest opptekne av å førebygga ulukker i framtida. Ved å få fram alle svar og alle fakta om ulukka har ein moglegheita til det, seier Moholt.