NRK Meny
Normal

Tilliten til politiet er kraftig styrka

Ni av ti stolar no på politiet og tilliten har auka i heile landet. Men i Hordaland politidistrikt er tilliten svekka.

Bevæpnet politi

STOLAR MEIR PÅ POLITIET: Over 6000 innbyggjarar over heile landet er blitt spurde om korleis dei ser på politiet. Dei politidistrikta der tilliten har auka mest er i Agder, Salten, Troms og Nedre Buskerud.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Kritikken av politiet si handtering av terroren på Utøya og i Regjeringskvartalet i 2011 førte til ei svekking i befolkninga si tillit til politiet. No kan det sjå ut som noko av denne tilliten er vunnen att.

I årets innbyggjarundersøking frå Politidirektoratet svarte 89 prosent at dei har svært eller ganske stor tillit til politiet. Dette er ei auke på 8,5 prosentpoeng sidan målinga i 2012.

For politidirektør Odd Reidar Humlegård er det godt å sjå at folk no stolar meir på politiet.

– Eg vel å tru at noko av auken skuldast at publikum opplever at politiet har gjennomført forbetringar etter terrorhendinga 22. juli 2011 og den etterfølgjande kritikk av politiet, seier han.

LES OGSÅ: Kommisjonen: Breivik kunne vært stoppet tidligere

Svekka tillit i Hordaland

Monika Sviglinskaja

FÅTT KRITIKK FOR MONIKA-SAKA: I rapporten syner Politidirektoratet til etterforskinga av Monika-saka, der Hordaland politidistrikt har fått hard medfart.

Foto: Privat / NTB scanpix

Hordaland politidistrikt skil seg ut som det einaste politidistriktet der tilliten i befolkninga er svekka. Her har talet på dei som stolar på politiet minka frå 88 prosent til 87 prosent sidan 2012.

Hordaland politidistrikt har i haust fått kvass kritikk for si etterforsking av dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8), som blei tatt opp att i oktober i år. Spesialeininga for politisaker etterforskar no politidistriktet og Riksadvokaten granskar også politikammeret si etterforsking av Monika-saka.

Politidirektoratet syner også til Monika-saka i rapporten, men konkluderer ikkje på kor mykje denne etterforskinga har hatt å seie for folks tillit til Hordaland politidistrikt.

LES OGSÅ: Riksadvokaten: Frykter Monika-saken svekker tilliten til politiet

Minst tillit til etterforsking av krimsaker

Politidirektør Odd Reidar Humlegård

– TRYGGANDE: Politidirektør Odd Reidar Humlegård meiner årsaka til at nordmenn har fått ei auka tillit til politiet skuldast forbetringar etter 22. juli.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Over 6000 innbyggjarar over heile landet er blitt spurde om korleis dei ser på politiet. Dei politidistrikta der tilliten har auka mest er i Agder, Salten, Troms og Nedre Buskerud.

Sjølv om undersøkinga er oppløftande lesing for politidirektør Odd Reidar Humlegård, vedgår han at politiet har fleire område dei må bli betre på.

– Me må fortsette å få ned restansane, unngå å legge vekk saker med kjent gjerningsmann og lukkast med å prioritere alvorleg kriminalitet som valdtekt, familievald og vald mot barn, seier Humlegård.

I kor stor grad har folk tillit til politiet?

Politidistrikt

2014

2012

Endring

Agder

90

73

17

Asker og Bærum

96

88

8

Follo

90

78

12

Gudbrandsdal

91

88

3

Haugaland og Sunnhordland

91

84

7

Hedmark

86

80

6

Helgeland

86

78

8

Hordaland

87

88

-1

Midtre Hålogaland

92

83

9

Nordmøre og Romsdal

91

79

12

Nordre Buskerud

89

76

13

Nord-Trøndelag

90

84

6

Oslo

88

82

6

Rogaland

87

81

6

Romerike

89

82

7

Salten

93

79

14

Sogn og Fjordane

93

82

11

Sunnmøre

88

76

12

Søndre Buskerud

87

79

8

Sør-Trøndelag

88

78

10

Telemark

82

78

4

Troms

93

79

14

Vestfinnmark

82

76

6

Vestfold

89

78

11

Vestoppland

90

85

5

Østfinnmark

84

75

9

Østfold

90

80

10

Alle distrikter

89

81

8

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.