Hopp til innhold

Held fast på trasé til 33 milliardar

Løysinga som vil gi åtte nye tunnelar på Bergensbanen og E16 i Hordaland, får ny støtte i fersk utgreiing frå Jernbaneverket. Samferdsleministeren lovar rask avklaring.

Dødsulykke E16

RAS- OG ULUKKESUTSETT: E16 mellom Voss og Bergen har i snitt rundt to trafikkdrepne i året. I tillegg er strekninga særs rasfarleg fleire stader. Biletet syner ei ulukke i oktober 2009, der tre personar mista livet.

Foto: Arnstein Karlsen

Samferdsledepartementet bekreftar fredag ettermiddag at dei har fått tilleggsutgreiinga om tiltak på E16 og Bergensbanen mellom Arna og Voss på bordet. Det var Vaksdalsposten som først skreiv om innhaldet i utgreiinga.

Tilleggsutgreiinga er utarbeidd av Jernbaneverket i samråd med Statens vegvesen, og var bestilt av samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Jernbaneverket leverte i 2014 ei konseptvalutgreiing for strekningen Arna-Voss og tilrådde å bygge ut både vegen og bana.

Men anbefalingane i KVU og kvalitetssikringa frå Terramar AS og Oslo Economics AS var motstridande.

Held fast på K5-løysinga

– Eit slikt sprik i vurderingane tilsa eit behov for å sikre at saka er godt nok opplyst. Vi snakkar om omfattande investeringar i transportinfrastruktur, som skal nyttas av trafikantane i mange tiår framover, seier samferdsleminister Solvik-Olsen i pressemeldinga frå departementet.

Men etter ein ny gjennomgang landar Jernbaneverket på same konklusjon som sist. Tilleggsutgreiinga held fast ved transportetatane sitt tilrådde konsept, nemleg K5-løysinga.

Kart over ny E16 K5-alternativet

TILRÅDD: Den sokalla K5-løysinga, som vil gi åtte nye tunnelar for både bil og tog og kuttar reisetida kraftig mellom Bergen og Voss.

Foto: Statens vegvesen

«En gjennomgang og vurdering av løsninger med lavere investeringsnivå viser at de ikke gir de effekter man ønsker å oppnå for en trygg og pålitelig bane med redusert reisetid og god kapasitet for gods. Jernbaneverket anbefaler derfor at K5 legges til grunn for en videre planlegging av strekningen Voss–Arna» heiter det i den supplerande utgreiinga.

Bilete frå helikopteret

SJÅ VIDEO: I mai gjekk det eit stort jordskred som traff både Bergensbanen og E16. Eit tog med 38 passasjerar køyrde inn i jordskredet, men heldigvis kom ingen til skade.

Åtte nye tunnelar

K5-løysinga er kort oppsummert slik:

  • Stor innkorting av både veg og jernbane, i hovudsak langs dagens trasé.
  • Kuttar reisetida med bil Bergen-Voss frå 72 til 46 minutt (føresett fart på 90 km/t).
  • Meir enn halverer reisetida med tog Bergen-Voss frå 63 til 24 minutt.
  • Prioriterer åtte lange, nye tunnelar for både bil og tog.
  • Ny firefelts møtefri bilveg mellom Arna og Trengereid, og tofelts veg vidare til Voss. I dagen vil vegen ha midtrekkverk, i tunnelen vil det vera midtfelt.
  • Nytt dobbeltspor for Bergensbanen på heile strekninga mellom Bergen og Voss, med seks stasjonar: Voss - Bolstad - Dale - Stanghelle - Vaksdal - Arna.
  • Tunnelane til tog og bil skal fungere som rømmingsvegar for kvarandre.

Prislappen? 33 milliardar kroner.

Ras Vaksdal

E16 og Bergensbanen mellom Bergen og Voss er svært ras- og ulukkesutsett. Dei siste åra har strekningen vore råka av både jordras og steinras, og hovudvegen mellom Bergen og Oslo har vore periodevis vore stengt i dagevis.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

Varslar rask avklaring

Tilleggsutgreiinga støttar også opp om å gjennomføra byggeprosjektet på hovudvegen mellom Oslo og Bergen i fleire etappar.

Jernbaneverket tilrår å starte utbygginga ved Arna og at den første etappen går til Stanghelle. Det vil kosta om lag 14 milliardar kroner å gjera E16 og Bergensbanen tryggare på denne strekninga.

Etter å ha fått utgreiinga i fanget, lovar no samferdsleministeren ei rask avklaring av KVU-saka.

– Eg har ved fleire høve streka under at Samferdselsdepartementet har venta på denne tilleggsutgreiinga – før regjeringa gjennomfører ei endeleg handsaming av konseptvalet for strekninga Arna - Voss. No har vi fått materialet vi har venta på, og vi vil no legge til rette for ei rask avklaring, seier Solvik-Olsen.

Minister på Vaksdal

Dei som bur langs E16 mellom Bergen og Voss krev at både vegen og jernbana blir tryggare. Her møter samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen innbyggjarane i Vaksdal, etter at det gjekk to store jordras i kommunen i vår.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK