Tilhengar og motstandar la fram heilt ulike resultat etter vindkraft-undersøkingar

Agder Energi, 8. mai: – Sju av ti nordmenn er positive til vindkraft på land. Den Norske Turistforening, 24. mai: – Under halvparten er positive.

Vindmøllepark Fitjar

KAN BLI VANLEG: Her vindmølleparken i Fitjarfjellet.

Foto: Siri Løken / NRK

I byrjinga av april presenterte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt forslag for ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Det blei møtt med massiv motstand frå fleire hald.

Like etter bestilte Agder Energi og Den Norske Turistforening (DNT) kvar si spørjeundersøking om kva det norske folk meiner.

Dei fekk ikkje same resultat.

Dei presenterte ikkje resultata på same måte.

Men dei stilte heller ikkje same spørsmål.

71 og 49 prosent

«Stiller du deg hovedsakelig positiv eller hovedsakelig negativ til vindkraft og vindmøller på land?».

Dette var spørsmålet Agder Energi stilte i si undersøking, utført av Respons Analyse.

Eit nokså overveldande fleirtal – 71 prosent – svara at dei var «hovedsakelig positive».

DNT – som har vore mellom dei tydelegaste motstemmene mot utbygging – stilte gjennom Norstat følgjande spørsmål til sine respondentar:

«Det har den senere tid vært diskusjoner rundt utbygging av vindkraft på land, hva er din holdning til utbygging av vindkraft?».

På dette svara berre 49 prosent at dei var ganske eller svært positive.

demonstranter frøya

DEMONSTRANTAR: Mot utbygginga av Frøya Vindpark.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Svært ulike framstillingar

Dermed kunne Agder Energi og DNT gå ut med heilt ulike vinklingar i media:

I ein NTB-formidla pressemelding 8. mai fastslo Agder Energi at det er «Bred støtte til vindkraft i Norge».

Vel to veker seinare kom «svaret» frå DNT: «60 prosent er imot utbygging [med] betydelige inngrep i urørt natur», og «71 prosent er mot [ved] forstyrrelser av dyreliv», framheva dei i si pressemelding.

Dermed blei det norske folk gjennom diverse mediekanalar presenterte for tilsynelatande heilt ulike konklusjonar om kva det norske folk eigentleg meiner om vindmøller i norsk natur.

Endre Tvinnereim

OPPMODAR TIL SKEPSIS: Endre Tvinnereim, statsvitar og førsteamanuensis på UiB.

Foto: Byluftlisten

Positivt fleirtal når «gevinst» blei nemnd

Vindkraft er langt ifrå det einaste området ulike interessentar presenterer ulike undersøkingar om, påpeiker UiB-statsvitar Endre Tvinnereim. Han oppmodar til kritisk blikk om ein les om spørjeundersøkingar utført på oppdrag frå nokon.

– Det er veldig viktig å vita kven som har stilt spørsmåla og betalt for undersøkinga. Tenk på kva agenda dei kanskje har, seier Tvinnereim, som er ekspert på haldningar til klimaendringar og energispørsmål.

DNT stilte fleire spørsmål enn Agder Energi, og mange inneheldt det kritikarar meiner er negative konsekvensar av vindkraftutbygging.

Dess meir slike element som blei lagt inn i spørsmålet, dess meir negative stilte folk seg.

Til dømes sa 60 prosent nei til «betydelige inngrep i urørt natur». Men då DNT spurte om vi «bør akseptere visse naturinngrep [...] fordi gevinsten gir mer fornybar energi», var plutseleg fleirtalet, 53 prosent, positive.

Men det var altså det førstnemnde svaret som blei trekt fram i media av DNT.

Tom Nysted

– VILLE VERA NØYTRALE: Seier Tom Nysted, konsernsjef i Agder Energi. 

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Agder Energi: – Ikkje bevisst

Tvinnereim påpeiker at ein kan velja å trekka fram det som tener ein sjølv, og at formuleringane i spørsmåla er viktige.

– Ein kan også stilla mange spørsmål, sånn at dei spørsmåla som kjem før påverkar kva folk gjerne føler dei bør svara, seier han.

Agder Energi hevdar dei ikkje bevisst bad Respons Analyse gjera slike grep då dei blei hyra inn til å utføra undersøkinga.

– Me ønsker å stilla så generelle spørsmål som overhovudet mogleg. Me har ikkje noko interesse av å leia respondentane i den eine eller andre retninga, seier konsernsjef Tom Nysted.

DNT-generalsekretær Dag Terje Solvang seier han er overraska når han får presentert resultata frå undersøkinga til Agder Energi.

– Me har brukt Norstat fordi me ville ha ei balansert undersøking utan å legga nokon føringar, og me har fått motsette tal, seier Solvang.

Dag Terje Klarp Solvang

– OVERRASKA: Generalsekretær Dag Terje Solvang i DNT.

Foto: Marius Dalseg Sætre / Marius Dalseg Sætre