Hopp til innhold

Vil gi ein båtlaus barnefamilie tur ut i skjærgården

Strålande sol og syden-temperaturar gir gode forhold for båtturar, men ikkje alle har tilgang til båt. Båtlause familiar bør også få oppleva gleda båtturar kan gi, meiner 24-åring som stiller seg sjølv og båten sin til disposisjon.

bilete

TILBYR BÅTTUR: Det var nokon på Austlandet som tilbaud båttur til ukjente som ikkje hadde moglegheit til å komma seg ut i båt, og då tenkte eg; kvifor ikkje gjera det same, eg har jo alt som trengst tilgjengeleg, fortel Arne Veim Haugland til NRK.

Foto: Arne Haugland

«Kjenner vi ein barnefamilie her inne som har lyst på en dagstur evt to dagerstur i skjærgården i og rundt Bjørnefjorden fredag/lørdag? Jeg stiller med båt, vannsportsaktiviteter, grillpølser og lukten av sjø og fisk.»

Denne meldinga publiserte Arne Veim Haugland på Facebook tysdag ettermiddag. Idèen fekk han etter å ha sett strålande vêrmelding for den kommande helga og etter å ha høyrt om ei historie frå Austlandet.

– Det var nokon på Austlandet som tilbaud båttur til ukjente som ikkje hadde moglegheit til å komma seg ut i båt, og då tenkte eg; kvifor ikkje gjera det same, eg har jo alt som trengst tilgjengeleg, fortel Arne Veim Haugland til NRK.

Kommande helg stiller han difor seg sjølv og båten sin til disposisjon for ein barnefamilie som kan tenka seg ein tur ut på fjorden.

– Ikkje alle får oppleva den fine skjærgården

24-åringen frå Os i Hordaland er godt båtvand etter å ha vore på båttur både kvar sommar og elles på året gjennom heile livet. Han synest også at fleire bør få oppleva den fine Bjørnefjorden utenfor Os.

«Det hadde vært en stor glede for meg å gi bort dette til noen som ikke ellers har muligheten til å komme seg ut i den vakre skjærgården vi har!»

Arne Veim Haugland i Facebook-status

– Me har ein skjærgård som er blant landets finaste, men det er ikkje alle som får oppleva den, seier Veim Haugland.

Rundt eit døgn etter at Arne Veim la ut meldinga om turen han tilbyr har over 100 personar delt meldinga på Facebook. Han har førebels blitt kontakta av ein familie som gjerne kan tenka seg ein båttur, men denne familien hadde ikkje høve kommande helg.

– Dei kan kanskje bli med på ein tur seinare ein gong, seier Veim Haugland.

Lånte vekk hus og bil

NRK fortalde tidlegare i sommar om familien Åsbø frå Nærbø i Rogaland som ville låna vekk huset og bilen sin gratis til ein annan familie medan dei var på ferie.

Grete Harlofson, som er avdelingsleiar for det nasjonale arbeidet i Raude Krossen, kalla tilbodet til familien Åsbø for eit fantastisk initiativ, og påpeikte at det viser at nordmenn er opptekne av kvarandre.

I Kvinnherad i Hordaland tilbaud ein familie å låna ut ei av hyttene sine på Halsnøy til nokon som elles ikkje ville ha kome seg på ferie. I etterkant er familien blitt kontakta av andre hytteutleigarar som også vil gi vekk ei veke med ferie, skriv Kvinnheringen.

Gjestane får bestemma programmet

Kjærasten Vilde Dyngeland synest idèen til Arne var veldig god og ho vil også bli med på båtturen. Kva turen skal innehalda vil dei la gjestane dei får med seg bestemma.

– Det kan vera alt frå å fiska, ta ein tur til ein holme der ein kan grilla, til å berre ta ein tur ut på fjorden, seier Arne Veim Haugland.

– Kvifor er det primært ein barnefamilie du inviterer med på tur?

– Eg kjenner nokre barnefamiliar som ikkje har moglegheit til å reisa ut i båt men som gjerne ønskjer det. Barn blir veldig glad for å få prøva nye ting, seier Veim Haugland.

Han meiner likevel at vaksne også har stor glede av båtturar og trekk fram seg sjølv som døme.

– Folk må ikkje vera redd for å ta kontakt, oppmodar den erfarne båtmannen.