NRK Meny
Normal

Kunstskatt tilbake på veggen etter 40 år

Etter nesten 40 år på på lager, får Per Krohg-måleriet «Drømmenes reiser» sin renessanse.

Drømmens reise

«DRØMMENS REISER»: Måleriet frå nytt liv på degg 10 på MS «Bergensfjord».

Krohg-måleriet vart spesiallaga til MS «Bergensfjord» som segla i Amerika-fart frå 1956 til 1971. No skal måleriet pryde veggen på Fjord Lines nye cruiseferge, med same namn. Og det 40 år etter førre gang det hang på veggen.

– Me tykkjer det er utruleg kjekt å bringe historia frå eitt skip vidare til eit anna med same namn, seier sals- og marknadsdirektør, Eva S. Mellgren i Fjord Line.

Blant dei beste i Noreg

Per Krohg er ein av Noregs mest kjende koloristar. Han er son av Oda og kunstnar Christian Krohg. Frå 1903 til 1907 gjekk han i lære hjå far sin.

I dag kan ein sjå måleria hans i fleire offentlege bygg. Både i Rådhuset og i Folketeateret i Oslo, og no i den nyoppussa sikkerhetsrådsalen i FN-bygget i New York.

No har altså måleriet også fått ei sentral plassering på cruiseferga MS «Bergensfjord».

Får nytt liv

Tone Dalen

NØGD: Kunstformidlar Tone Dalen seier det er fantastisk å endeleg kunne hengja biletet på veggen igjen, etter 40 år.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Grunnen til at Fjord Line har tatt hand om biletet er at Teigen-familien, som er hovudaksjonær i reiarlaget, tok vare på kunstskatten då dei eigde MS «Bergensfjord» i sju år på 1970-talet etter at Amerika-farten var avslutta.

Måleriet på lerretet som er fire gonger sju meter hadde overraskande få skadar. Det er ingen selvfølge at eit så gamalt måleri kan hengjast på veggen etter nesten 40 år på lager, fortel kunstformidlar Tone Dalen.

– Han er ein veldig dyktig kunstnar. Då han mala dette brukte han eit veldig bra lerret, dessutan er han ein veldig god malar.

– Ein stor attraksjon

Måleriet kom nyleg på veggen på dekk 10 på cruiseferga som er i ferd med å bli ferdigstilt.

Dalen håpar at folk tek seg til til å sjå "Drømmenes reise" når dei går om bord på Cruisefera. Frå våren av vil ferga gå mellom Bergen–Stavanger–Hirtshals og Langesund.

– Det er heilt fantastisk at me får bruke dette biletet igjen. Det er verkeleg ein stor attraksjon, fortel Dalen.

Ved skipsverftet Bergen Group Fosen i Rissa skapes det i disse dager kunsthistorie. Det hele dreier seg om maleriet "Drømmenes reiser".

RULLAR UT: Sjå video av at måleriet vert rulla ut og gjort klart til nye turar på sjøen.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås