Hopp til innhold

Kan bli olympisk meister i matte

Arne Tobias Malkenes Ødegaard frå Fitjar skal til Sør-Afrika, for han skal delta i OL. Og det er matte han skal konkurrere i.

Arne Ødegaard

TIL OL: Arne Tobias Malkenes Ødegaard frå Fitjar skal til Sør-Afrika, for å delta i matte-OL.

Foto: Privat

Han deltok i Abelkonkurransen, ein matematikk-konkurranse og no reiser han til Sør-Afrika. Arne Tobias Malkenes Ødegaard skal kjempe om å bli olympisk meister, i matte.

– Eg kom på sjetteplass i Abelkonkurransen, og då kvalifiserte eg meg til a delta i OL, seier Ødegaard til NRK.

– Komplisert matte

Matte-OL dette året er nummer 55 i rekka. Det er første gong Ødegaard er med, og for å førebu seg er han på førehand i Danmark, på treningsleir. Der får dei trene seg på oppgåver dei kan få i OL.

– Me får lært litt tips og triks, og måtar å løyse problem på, seier mattegeniet.

Oppgåvene er tidkrevjande, for dei brukar til saman ni timar på seks oppgåver.

– Det er veldig komplisert oppgåver som ikkje krev så mykje mattekunnskap, men det krev ein del logisk tenking, seier Ødegaard.

– Det er gjerne å vise at noko er ulikt, eller å vise at det er tre linjer som finst i eit punkt i ein trekant. Det høyrest kanskje litt enkelt ut, men det blir fort komplisert, seier han.

Ikkje så stor sjanse

Frå Noreg er det seks deltakarar, og til saman er det 580 personar frå heile verda som kjempar om å bli verdsmeister i matte. Deltakarar frå 109 land deltar.

– Kina plar gjere det veldig bra, for dei har eit anna skulesystem. Dei får opplæring over lang tid, frå dei er veldig unge, seier Ødegaard.

Sjølv trur 19-åringen at det er interesse for matte som har gjort han god.

– Eg har gått vanleg skule, og eg har alltid vore interessert i matte, seier han.

– Eg likar matte, så då trur eg det kjem lettare.

Skal studere matte

Til hausten blir Ødegaard student, og valet for kva han skal studere er lett.

– Då er planen å reise til Oslo og studere matte, og så får me sjå kva som skjer etter det, seier han.

19-åringen tenker langsiktig, og det er matematikk som er draumen.

– Ein mogelegheit er jo å studere matte profesjonelt, altså bli professor i matematikk, legg han til.