Til sjukehus etter ulukke

Ei 17 år gamal jente og ein 18 år gamal gut er send til Haugesund sjukehus etter ei trafikkulukke i Ålfjordvegen i Sveio. Ein bil var involvert i ulukka. – Jenta har skadar i ei hand, og begge var oppegåande då dei vart sende til sjukehuset. Førebels veit vi ikkje årsaka til ulukka, seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sør-Vest politidistrikt.