Hopp til innhold

Til Oslo for å sikre akuttkirurgien i Odda: – No skal vi ta sigeren heilt heim

Om lag eit hundretals oddingar har reist til hovudstaden for å sjå Stortinget slutthandsame saka om framleis akuttkirurgi ved Odda sjukehus.

Oddingar til Oslo

FULL BUSS: Alle dei 53 seta i bussen frå Odda til Oslo var fylte av spente aksjonistar. I tillegg har fleire tatt turen over fjellet i personbil, og enkelte kjem med fly. – Mange har vore med i denne kampen heile vegen, seier Terje Kollbotn i LO i Indre Hardanger.

Foto: Marit Måkestad

Måndag klokka 12 skal Stortinget handsame saka om akuttkirurgi ved Odda sjukehus.

– Vi er optimistar, seier leiar i LO i Indre Hardanger, Terje Kollbotn.

Han har fått med seg ein større delegasjon av lokalpolitikarar, fagleg tillitsvalde, sjukehustilsette, elevrepresentantar og andre sjukehusaktivistar til Oslo. Søndag køyrde ein full buss og fleire personbilar over fjellet for å følgje stortingsdebatten.

– Vi håpar på eit samrøystes Storting som konkluderer klart og tydeleg med at akuttkirurgien i Odda på døgnbasis skal bestå, og at vi saman kan vidareutvikle sjukehuset, seier Kollbotn.

90 prosent i mål

Raudt-politikaren frå Odda har vore «primus motor» for aksjonane for sjukehuset. Kampen har føregått blant befolkninga i lang tid, og kom kanskje sterkast til uttrykk då over ein tredel av befolkninga gjekk i 1. mai-tog i Odda med krav om framleis akuttkirurgi ved lokalsjukehuset.

Terje Kollbotn på veg til Oslo

SPENT: Terje Kollbotn, leiar i LO i Indre Hardanger, sit fremst i bussen på veg til Oslo. Han er spent og klar for debatten i Stortinget på måndag.

Foto: Marit Måkestad

– Før 1. mai sa eg at vi var 60 prosent i mål, kvelden 1. mai sa eg 80 prosent, og no føler eg at vi er 90 prosent i mål. Måndag er målet å ta inn dei siste 10 prosent, seier Kollbotn.

I førre veke vart det kjend at helseminister Bent Høie ombestemte seg, etter å først ha gått inn for å legge ned akuttkirurgien. Likevel har mange vore usikre på kva det er helseministeren eigentleg vil gå inn for når det gjeld sjukehuset i Odda.

Kollbotn håper på tydelege svar under Stortingsdebatten måndag.

Engasjement i alle aldrar

På bussen som søndag køyrde frå Odda til Oslo var rundt ein tredjedel av passasjerane ungdommar.

– Det er eg veldig glad for. Dette er heilt spesiell samfunnskunnskap, seier Kollbotn.

Han skildrar stemninga om bord i som spent, men god.

– Mange av dei som er med på bussen har vore med i kampen for sjukehuset heile vegen, sidan før jul. Dei ønskjer å følge saka heilt i mål.

Buss frå Odda til Oslo

KLAR TALE: Banner med teksten «akuttkirurgi reddar liv» har vore sentral i alle demonstrasjonane for Odda sjukehus.

Foto: Marit Måkestad

Frå klokka 10 måndag skal aksjonistane ha ei markering framfor Stortinget. Her er det planlagd appellar og ei stor mobilisering med fleire fagforeiningar.

– Vi er veldig spente og gler oss. Bodskapen vår er klar og tydeleg, og eg håpar den fell i god jord, seier Kollbotn.

Helseminister Bent Høie og stortingspresident Olemic Thommessen skal òg vere til stades på Eidsvolls plass, før debatten startar i Stortinget klokka 12.

– Eg håpar vi får ei god og tydeleg avklaring og kan gjennomføre ei forsiktig feiring etterpå, seier Kollbotn.