NRK Meny

Til legevakt etter vogntogvelt

Den mannlege føraren av vogntoget som velta på Brynali på Voss er no ute av køyretøyet. – Det var litt vanskeleg å få føraren ut av vogntoget i starten, men mannen er no ute og på veg til lokal legevakt i ambulanse. Årsaka til at vogntoget velta er førebels uklart. Det er ikkje fleire involverte, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Ifølge brannvesenet var vogntoget lasta med betongelement