Hopp til innhold

Til legevakt etter utforkøyring

Lastebilsjåføren som velta på fylkesveg 5318 ved Kårbø i Meland blør frå eit kutt i hovudet, melder politiet. Han tek seg sjølv til legevakt for sjekk. Det er ukjent kvifor utforkøyringa skjedde. Det skal vera mogleg for andre å passera på staden.