Hopp til innhold

Til legevakt etter trafikkulukke

Ein 18 år gamal mann er sendt til legevakt etter ei utforkøyring ved Fardal på fv. 55 mellom Leikanger og Sogndal. Politiet vil opprette sak og etterforske ulukka, skriv Vest politidistrikt på Twitter. – Det var ein person i bilen som kom seg ut og tok kontakt med nokon i eit hus, seier operasjonsleiar Lars Geitle.