- Luseprosjektet startar ved skulestart neste haust, seier leiar for skulehelsetenesta i Ytrebygda bydel Kristi Bryne Rykkje.
Foreldra skal sjølv lære å halde lusa vekke.
Foreldra får hjelp til dette gjennom brosjyrar, møter og Internett. Dei får også lære korleis dei skal bli kvitt parasitten når ho først er komen.
Råkar små barn
Omfattande bruk av lusebehandling og motstandsdyktige lus er truleg grunnen til at luseplaga brer om seg. Det er spesielt små barn som vert råka.
Med eit felles opplegg for samtlege bydelar i Bergen er målet no er bekjempe hovudlusa.