Hopp til innhold

Ulovlege bilverkstadar har blitt stor butikk

Bruktbilar blir i stort omfang rusta opp på uautoriserte verkstadar, og seld vidare. Både Statens vegvesen og kemneren åtvarar no bilkjøparane mot useriøse aktørar.

Ulovlig verksted

ULOVLEG: Dei siste par åra er det avdekka om lag 35 ulovlege bilverkstadar berre i bergensområdet.

Foto: Arbeidstilsynet

Ulovlege bilverkstadar har no blitt ei stor næring. Berre dei siste par åra er det avdekka om lag 35 ulovlege bilverkstadar berre i bergensområdet.

– Dette er eit betydeleg omfang. Erfaringane vi har viser at det er mykje dårleg kvalitet på

Sælen Auto

HAR ORDEN: Svein Hansen og Tore Lyngbø, eigarar av Sælen Auto i Fyllingsdalen har orden på verkstaden sin, men dei merkar at ulovlege verkstadar har endra bransjen.

Foto: Siri Løken / NRK

reparasjonane, og då går det ut over tryggleiken på køyretøyet, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Erlend Loftesnes Røysum.

Dagleg leiar ved Sælen Auto i Fyllingsdalen i Bergen, Tore Lyngbø er oppgitt om dei mange ulovlege bilverkstadene.

– Det er synd mot dei som konkurrerer lovleg, tilfredsstiller krav og tar vare på sine tilsette. Det blir skeiv konkurranse, seier Tore Lyngbø, dagleg leiar ved Sælen Auto i Fyllingsdalen i Bergen.

Ulovleg bilverkstad 2

AKSJONAR: Saman med blant anna Arbeidstilsynet og kemneren i Bergen har det vore felles aksjonar mot ei rekkje ulovlege aktørar.

Foto: Arbeidstilsynet

Avdekka fleire ulovlege verkstadar

Saman med blant anna Arbeidstilsynet og kemneren i Bergen har dei hatt felles aksjonar mot ei rekkje ulovlege aktørar. Blant anna har dei avdekka at slike ulovlege verkstader ruster opp bruktbilar i stort omfang. Bilane blir sidan seld vidare på blant anna finn.no

– Det vi ser er ein framvekst av ei ny næring kor det vert drive omfattande oppkjøp, opprusting og vidare sal av bruktbilar. Vi ser ein rekke brot på regelverk som gjeld næringsdrivande, seier kontrollsjef hos kemneren i Bergen, Christine Due Sivertsen.

– Blant anna svart omsetning, ulovleg arbeidskraft, manglande arbeidsavtale, ikkje innbretta lønn og trygdesvindel, seier Due Sivertsen.

– Må vere trygg
Ulovlig verksted

KAN VERE FARLEG: Både Statens vegvesen og kemneren åtvarar bilkjøparar med at det kan vere direkte trafikkfarleg å la bilen din bli reparert på eit av dei ulovlege bilverkstadene.

Foto: Arbeidstilsynet

Dei fleste ulovlege bilverkstadar har blitt stengt eller politimeldt. Men mange eigarar startar opp igjen på nytt andre stader og med nytt namn. No åtvarar både Statens vegvesen og kemneren bilkjøparar med at det kan vere direkte trafikkfarleg å la bilen din bli reparert på eit av dei ulovlege bilverkstadene.

– Vi har ikkje kjennskap til kompetansen eller utstyret til desse verkstadene. Så vi kan ikkje følgje opp om represjonane er utført forskriftsmessig eller ikkje, seier Due Sivertsen.

For dei fleste bilreparasjonar krev loven at verkstaden oppfyller Statens vegvesen sine krav til fagkunnskap og teknisk utstyr, samt krav til handtering av farleg avfall.

Svein Hansen har drive Sælen Auto i 47 år. Han merkar at ulovlege verkstader har endra bransjen.

– Bilen må ha vere trygg, så dette er ikkje bra, seier Hansen.