Hopp til innhold

– Tiggarforbod kan gi færre lommetjuveri

Talet på lommetjuveri i bergensområdet er meir enn dobla, men i Oslo går trenden motsett veg. – Eit tiggarforbod vil kunne betre situasjonen i Bergen, seier politiet.

Politiet på Torgallmenningen

VIL HA TIGGARFORBOD: Medan talet på lommetjuveri går ned i Oslo, er kurven stigande i bergensområdet. No vil politiet ha tiggarforbod. – Me trur auken i lommetjuveri heng saman med at fleire utanlandske kriminelle har kome til byen, seier politiet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Tigger i Oslo 2012

KAN BLI FORBOD: Regjeringa varsla i går at det kan gå mot eit tiggarforbod i Noreg.

Foto: NRK

Noregs to største byar er motpolar i talet på lommetjuveri. I bergensområdet har talet på lommetjuveri dobla seg frå 2010 til i fjor, medan det i Oslo gjekk motsett veg i 2013.

Og så langt i år har talet på slike tjuveri i Oslo gått ned med over tretti prosent. Årsaka til at talet går ned i hovudstaden meiner politiet er at dei har oppretta ei eiga gruppe med fokus på nettopp lommetjuveri.

I Bergen har talet også gått noko tilbake i år, men politiet har sin eigen teori om kva som må til for å oppnå større nedgang: Dei vil ha forbod mot tigging.

– Vil ha tiggarforbod

Jan Martin Skulstad

VIL HA TIGGARFORBOD: Politiet i Bergen trur eit tiggarforbod vil få ned det høge talet på lommetjuveri. Det seier Jan Martin Skulstad ved Bergen sentrum politistasjon.

Foto: NRK

Bergenspolitiet meiner nemleg å sjå ein samanheng mellom nettopp tigging og lommetjuveri.

– Me har registrert ei stor auke i tal på gjerningspersonar med eit anna etnisk opphav enn norsk, seier Jan Martin Skulstad ved Bergen sentrum politistasjon.

Og det kan vere dei får det som dei vil. Allereie neste år kan tigging bli forbode over hele landet, opplyste regjeringa i går.

– Me skal vere varsame med å stigmatisere enkelte grupper, men det er ei dårleg bevart hemmelegheit at ein del av romfolket har aksjar i dette. Eg seier ikkje at det berre er dei som står for tjuveria, men dei er der dei óg, seier Skulstad.

Dei aller fleste lommetjuveria i Hordaland, skjer i Bergen, og her trur politiet altså at eit tiggarforbod er det som skal til.

– Folk er blitt dårlegare til å passe på tinga sine

På gata i Bergen har folk sine eigne forklaringar på kvifor det er så mykje lommetjuveri i byen. Dei meiner bergensarane må ta si del av skulda.

– Det er vel naturleg at talet på tjuveri går opp. Unge folk har meir verdiar på seg enn før. Det er lettare å bli robba då, seier ein NRK møter i Bergen sentrum.

Cato Hjelmeland og Rikard Ekornseter trur nordmenn har blitt slepphendte med dyr teknologi, og at dette kan vere noko av årsaka til at talet på lommetjuveri går opp i bergensområdet.

– Eg trur ikkje folk passar så godt på lenger. Ting har ikkje så mykje verdi lenger, seier Hjelmeland.