NRK Meny
Normal

Tiggarar fekk sjå dokumentaren: – Kjenner oss stigmatiserte

BERGEN SENTRUM (NRK): Mange rumenarar fekk torsdag sjå Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet». – Eg er trist og redd for kva som vil skje no, seier Calin Stela.

Calin Stela

REDD: Calin Stela kjenner seg ikkje att i framstillinga i brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet». – Eg har åtte barn i Bacau i Romania, og hadde aldri vore her viss eg ikkje måtte.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Rumenarar i Bergen kjenner seg ikkje att i framstillinga av tiggarar i NRK-dokumentaren «Lykkelandet».

Filmen handlar om tiggarmiljøet i Bergen, og dokumenterer at eit rumensk nettverk på 140 personar styrer prostitusjons- og tiggarmarknaden i byen.

– Eg tiggar for å overleve, men no er eg redd for å bli utsett for vald og trakassering, seier rumenske Calin Stela til NRK etter å ha sett dokumentaren.

Med tårer i augo fortel ho at bergensarane ikkje har lagt ein einaste mynt i koppen hennar etter dokumentaren.

Sterke reaksjonar

– Hadde eg hatt så mykje som ein fjerdedel av pengane ein ser i filmen, hadde eg aldri vore her, seier Stela.

Saman med fleire av dei rumenske tiggarane i byen fekk ho i dag sjå dokumentaren på Robin Hood-huset.

– Dei fleste som var her for å sjå dokumentaren var opprørte, sinte, lei seg og overraska. Dei kjenner seg stigmatisert, seier Ingrid Husevåg Døskeland, rådgivar ved stiftinga Robin Hood-huset.

– Det som kjem fram gjeld ikkje alle tiggarar. Det er ikkje alle som har store hus og bilar. Eg kom hit for å overleve, eg hadde ingen pengar heime, seier ein rumensk mann som ønskjer å vere anonym.

Ingrid Husevåg Døskeland

HJELPER FOLK HEIM: Ingrid Husevåg Døskeland i Robin Hood-huset seier stadig fleire rumenarar tek kontakt for å få hjelp til å reise heim igjen, etter at dokumentaren vart vist på TV.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Heile 752.000 tv-sjåarar fekk dokumentaren med seg. I ettertid har reaksjonane vore sterke, og onsdag fortalde fleire at dei opplevde å bli truga og utsett for vald etter at dokumentaren var sendt.

– Det har vore utskjelling, og folk som har vorte sparka, slått og spytta på, fortalde leiaren ved Robin Hood-huset til NRK onsdag.

– Ville skape forståing

Sebastian Schwalbach i Kirkens Bymisjon fortel òg om ei stor uvisse blant rumenarane.

– Sjølv om vi prøvde å forklare situasjonen, var det ikkje alle som forstod heilt kva som føregjekk. Difor ville vi vise dei dokumentaren, for å gi forståing for kvifor folk på gata reagerer.

– Korleis vil de vidare ta vare på dei som no kjenner seg stigmatisert og mistenkeleggjort?

– Vi vil fortsetje å jobbe for å nyansere biletet som blir vist i dokumentaren. Vi har òg bede den aktuelle gruppa om å vere forsiktige i tida som kjem, og prøver så godt vi kan å assistere dei som vil reise heim, seier Døskeland.

Konen til halliktiltalt

TIGGAR: Ei av dei som blir vist fram i dokumentaren er kona til ein halliktiltalt mann.

Foto: NRK

Fleire vil heim

Onsdag vart det kjend at elleve tiggarar allereie bestilt flybillett tilbake til Romania.

– Vi har fått endå fleire førespurnader i dag, seier Døskeland.

Ho har ei klar oppfordring til folk i gatene i Bergen:

– Alle må vere klar over at kvar einaste person som no sit ute er utsett. Sei frå viss ein ser noko uakseptabelt som skjer, og ta vare på folk.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren her:

Med kopp i hånden sitter de på gaten. Hvem er disse menneskene og hva lever de av? Brennpunkt har fulgt tiggermiljøet i Bergen i nesten to år, med skjult kamera og spaning. Bli med til Lykkelandet. Du tror knapt det du får se.

Siste video

Festivalarbeidarar jobbar gratis i varmen. Det er ei av sakene fredags kveld.
May Britt Buer vann kvinneklassa i motbakkeløpet Kvasshovden Opp i Ulvik som også var NM.
Tunnelen på E39 har ein eigen knapp som varslar bilistar om syklistar.