Hopp til innhold

Tiggarane forsvann då Bergen sette regnrekord

Tidleg i juli registrerte politiet i Bergen ein dobling i talet på tiggarar sidan i fjor. Då månaden var over, hadde talet flata ut.

Sebastian Schwalbach

LEDIGE SENGER: Det elendige sommarvêret har ført til at fleire heimlause den siste månaden har reist heim att. Det meiner Sebastian Schwalbach i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Tilbakemeldingane vi får på akuttovernattinga, er at ein del reiser til andre byar, medan andre har reist tilbake til landet dei kjem frå, fortel Sebastian Schwalbach i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Schwalbach er ansvarleg for akuttovernattinga i byen, og tilbyr enkel og billeg overnatting for heimlause. Dei 30 sengeplassane er normalt svært ettertrakta. For eit år sidan måtte han avvisa folk i døra. Denne sumaren har fleire feltsenger stått tomme.

– Dei siste vekene har det gått bra, og vi har ikkje måtta avvisa nokon på grunn av kapasiteten, seier han.

Politiet: – Ikkje overraskande

Juli var den våtaste sidan 1970 i Vestlandets hovudstad. 263,7 millimeter nedbør blei målt på målestasjonen Florida. Normalmengda med nedbør er 148 millimeter i juli. Berre fire dagar var helt utan nedbør.

– Akkurat no i juli var det regnet som førte til at ein god del reiste frå byen, trur Schwalbach.

LES OGSÅ: Ny nedbørsrekord i Bergen

– Det er ikkje overraskande at dei finn andre stader enn Bergen då vi vel hadde tre eller fire dagar utan regn, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Olav Valland.

Han stadfestar at politiet har registrert ei dobling i talet på tiggarar sidan i fjor, men at tilstrøyminga har stoppa opp.

Olav Valland

– IKKJE OVERRASKA: Visepolitimeister Olav Valland er ikkje overraska over at tiggarar har stukke av frå regnbyen Bergen i sommar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vi har registrert at talet på tiggarar har dobla seg ifrå i fjor haust og fram til juli, men det har ikkje vore nokon oppgang no, fortel visepolitimeisteren.

– Ein vanskeleg periode

Registeret til politiet seier at det er rundt 40 personar som har tigga på gata i sumar. All nedbøren har gjort kvardagen svært sur for dei, meiner Schwalbach i Kirkens Bymisjon.

LES OGSÅ: Tiggarane er sjokkerte over politiet

– I juli i år var det verre på gata enn i juli i fjor, meiner han.

– Vi merkar at sommaren ikkje var her i juli. Det er jo litt morosamt, men for dei som er ute har det vore ein vanskeleg periode, fortel Schwalbach.