Hopp til innhold

Tidlegare politikar tilstår seksuelt overgrep mot 13-åring

Ein tidlegare politikar i Hordaland har tilstått eit seksuelt overgrep mot ein gut, som var 13 år då det skjedde for ti år sidan.

Tidligare denne måneden kom det fram at ein politikar i Hordaland var sikta for seksuelt overgrep. Mannen har nå erkjent hendelsen.

– Dette er ei tilståingssak, seier politijurist Trond Eide ved Hordaland Politidistrikt. Han fekk i dag saka tilbake frå Statsadvokaten i Hordaland.

Kan få ti år

Strafferamma for seksuell omgang med barn under 14 år er ti år.

Etter det NRK forstår, er det ikkje snakk om samleie med barn under 14 år, der minstestraffa er tre år.

Politikaren har blitt etterforska i haust, etter at den fornærma i juli melde han til politiet for overgrepet. Overgrepsofferet er nå midt i 20-åra.

Etter at etterforskinga starta, søkte politikaren i haust om fritak frå alle politiske verv.

– Vi innvilga søknaden, har både ordføraren i kommunen og fylkesleiaren i partiet tidlegare sagt til NRK.

Vil ikkje kommentere

Bistandsadvokat Ivar Abrahamsen har tidlegare sagt til NRK at den fornærma ikkje ønsker å uttale seg om saka.

Det ville heller ikkje den sikta.

Saka var ferdig etterforska lokalt i byrjinga av oktober, og Trond Eide ved Hordaland politidistrikt leverte i byrjinga av november si innstilling til Statsadvokaten i Hordaland.

Dato for rettsaka med tilståingsdom er førebels ikkje fastsett.